Naturskadeerstatning ved flaum

I samband med uveret Synne vil spørsmål om naturskadeerstatning kunne melde seg. Her følgjer litt informasjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2015

I Noreg har vi ein kombinasjon for dekning av tap etter naturskader:

1. Gjennom forsikring

2. Gjennom den statlege erstatningsordninga

Avgjerande for kva av disse ordningane ei skade kan dekkast under, er om objekta som er skada kunne vore forsikra mot naturskade eller ikkje. Dersom det var anledning til å forsikre objektet mot naturskade, så har ein ikkje rett på erstatning etter den statlege ordninga. Dersom skadeobjektet ikkje kan forsikrast, må den skadelidde melde i frå om skada til lensmannen/namsfogden eller politi med sivile rettspleieoppgåver innan tre månedar etter at skada skjedde. Sjå meir info hos Landbruksdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.