Forslag til endring av forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjerarar

Fylkesmannen er kritisk til at det skal opnast for import av jordbærplanter med tanke på plantehelse, men og fordi vi meiner det vil svekke arbeidet med å utvikle eigen produksjon av småplantar i Noreg.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.10.2014

På vegne av Landbruks- og matdepartementet har Mattilsynet fremma forslag om endring i forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjerarar (plantehelseforskrifta). Endringsforslaget inneber at ein skal opna for import plantar av jordbær frå europeiske land til Noreg.

Forslaget blei sendt ut på høyring, og fylkesmennene var ein av mange høyringsinstansar. Fylkesmannen i Rogaland har sendt ein uttale til forslag om endring. Fylkesmannen uttrykker i sin høyringsuttale skepsis til import av jordbærplanter mellom anna med tanke på plantehelse. Fylkesmannen viser og til at naturmangfaldlova er lite vektlagt i høyringanotatet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.