Velkomen til høyringsmøte om ny gjødselsbruksforskrift – 24. april

Ny gjødselbruksforskrift er på høyring, eit viktig regelverk for husdyrfylket Rogaland! Vi inviterer til opent høyringsmøte 24. april. Her vil Jon Magnar Haugen frå Landbruks- og matdepartementet presentere høyringsutkastet. Du kan velje om du vil delta på dagtid på Tysværtunet, eller på kveldstid på Undheim samfunnshus. 

Publisert 04.04.2024

Begge møta er gratis og opne for alle interesserte. Det blir enkel servering, og av den grunn ønskjer vi at du melder deg på. Bak høyringsmøta står landbrukspartnerskapet i Rogaland. 

Progam

  • Velkomen ved landbruksdirektør Monica Dahlmo
  • Tankar om nytt regelverk ved styreleiar i Rogaland bondelag, Ståle Hustoft
  • Framlegg til nytt gjødselbruksregelverk ved Jon Magnar Haugen, seniorrådgivar i Landbruks- og matdepartementet. Haugen har arbeidd med gjødselregelverket i lang tid, og er godt kjend med utfordringane for Rogaland. 
  • Tid til spørsmål og refleksjonar 

Du kan velje om du vil vere med på eit av to møte, eller begge to om du er ekstra ivrig. Det er same program for begge møta. 

Tysværtunet, Tysvær kommune kl 12–14

Tysværtunet kulturhus | Om Tysværtunet ligg sentralt til på Haugalandet,

Undheim samfunnshus, Time kommune kl 19

Undheim Samfunnshus har lang tradisjon for landbruksmøte. 

 

Velkomen! Du melder deg på her: 

Påmelding

Flervalg eller enkeltvalg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.