Svinenæringa set fokus på sjuke og skada dyr

Svinebønder skal få meir rettleiing om korleis dei skal vurdere dyra sin helsetilstand, og om behandling og avliving.

Publisert 21.11.2023

Resultata frå Mattilsynet sin nasjonale tilsynskampanje om velferd for svin i 2021/22 viser at svinebønder i Rogaland kom dårleg ut. Dei tre vurderingsfaktorane som slo negativt ut for Rogaland var behandling av sjuke og skadde dyr, rotemateriale og strømateriale.

Etter at resultata frå tilsynskampanjen blei gjort offentlege, inviterte Forum gris og Norsvin svinenæringa til eit dialogmøte. Deltakarane blei einige om å etablere ei gruppe som skulle arbeide vidare med konkrete tiltak.

Samlingar sikrar framdrift

Den 30. mars var representantar frå lokale faglag, slakteri, veterinærforeining, Veterinærinstituttet og Mattilsynet, Animalia og Statsforvaltaren samla for å starte arbeidet.

25. mai blei det arrangert ei samling for helsegris-veterinærane i Rogaland. Det var naudsynt å få felles forståing for vurderingane av krav og tryggleik for å følgje opp avvik. Helsegrissystemet er eit dokumentasjons- og oppfølgingssystem for helse, velferd og hygiene i alle norske svinebesetningar. Det blir stilt krav om veterinærbesøk i alle besetningar éin til tre gangar årleg, avhengig av besetningstype og -storleik.

14. november var svinegruppa samla for å diskutere korleis svinenæringa kan bli betre på å handtere sjuke og skada dyr.

Løfte opp eller løfte ut?

På møte uttalte både Bjørn Ståle Bekkeheien frå Norsvin og Heino Nielsen frå Forum gris at dei ønska å rette fokuset meir mot behandling av sjuke og skada dyr. Dei var ærlege på at deira faglag og varemottakarane (Fatland, Nortura og Prima) må setje inn meir krefter til å løfte opp svinebøndene, eller løfte dei ut av næringa. Nokre av svinebøndene må slutte. Sjølvsagt skal alle bønder få sjanse til å rette opp feil, fordi alle kan i løpet av livet oppleve svingningar som set familieliv og økonomi på prøve.

– Det handlar òg om å få dei som slit til å forstå at krava er blitt høgare. Her er det viktig å ikkje bruke peikefinger, men heller vise til gode døme, seier Bjørn Ståle Bekkeheien og Heino Nielsen.

Dei kommenterte òg at det bør vere bransjekrav til avlivingsutstyr og til kunnskap om avliving, og at dette burde vere ein del av Helsegrissystemet (kvalitetsvurdering og godkjenning frå praktiserande veterinær).

Informasjonsplakat til bruk i fjoset

På vegner at arbeidsgruppa la Marie J. Nøkling, veterinær i Nortura, fram eit planutkast for behandling og avliving av dyr. Dette er plansjar som viser bilete av skada og sjuke dyr, samt rettleiing til å finne rett behandling, avlivingsmetode med meir.

Bønder kvir seg for å ta liv

Sigve Berland, leiar i Rogaland veterinærforeining, trakk fram at svinebønder i Noreg er best i verda på medisinbruk – har lågast forbruk. I svinekampanjen blei det registrert at det i 6 prosent av besetningane i Rogaland ikkje blir følgt godt nok opp sjuke dyr med nedsett allmenntilstand. "Nokon av desse burde vore avliva" seier Berland. Han spør seg då om det er på grunn av mangel på kunnskap, feil/manglar ved utstyr eller kvir bonden seg for å ta liv? Berland meiner at det handlar om å gi bøndene opplæring og gjere dei trygge på avlivingsmetoden. Han held fram at det er mange gode svinebønder, men at dei må bli flinkare til å avliva på rett tid.

– Me må òg bli betre på utforme og bruke sjukebingar, oppfordrar Berland. Bruk mykje strø slik at underlaget blir mjukt og godt.

Det kom fram fleire gode tiltak som skal vurderast av Svinegruppa som består av representantar frå Norsvin, Forum gris, slakteria, Rogaland veterinærforening, Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Statsforvaltaren.

Svinegruppa er eit tiltak under bransjenettverket «Arbeid for godt dyrehald i Rogaland»

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.