Meir mjølk i 2024

TINE anbefalte å auke forholdstalet for disponibel mjølkekvote

Landbruks- og matdepartementet har sett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk frå 0,95 til 1,02 for 2024. Dette er gledeleg for mjølkebonden som for moglegheit til å produsera meir mjølk komande år.

Publisert 29.11.2023

Samarbeidspartane Landbruks- og matdepartementet, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag har drøfta kvoteendringar for 2024. Marknadsregulatoren TINE greia ut situasjonen i marknaden for inneverande år, samt prognosar for mjølkeproduksjon og behov for komande år. TINE har berekna eit behov på 1 423 millionar liter kumjølk, og anbefalte å auka forholdstalet til 1,02. Anbefalinga vert støtta opp om frå Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag.

Statsråden sjølv, Geir Pollestad, seier han håpar endringa skal gi næringa eit positivt løft inn i 2023.  

Geitemjølk

TINE anbefalte å videreføra gjeldande forholdstal for geitemjølk på 0,95 for 2024. Dette vil gi ein mjølkeleveranse på 17,8 millionar geitemjølk. 

Artikkelen frå LMD kan du lesa her

Korleis berekna kvote

Forholdstalet brukast til å tilpassa mjølkeproduksjonen til behovet i markedet. Ein disponibel kvote, bestemmer kor mykje mjølk mjølkeprodusentane kan levera til meieri i løpet av eit kvoteår, det vil seie eit kalenderår. 

Ein bereknar kvote ved å ta summen av disponibel grunnkvote, og gange med forholdstalet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.