Ny gjødselbruksforskrift – viktig for Rogaland!

Gjødselvareforskrifta er eit viktig rammeverk i husdyrfylket Rogaland, og ny forskrift er no på høyring etter mange års revisjonsarbeid. Vi går her igjennom nokre av dei sentrale elementa i forskrifta.

Publisert 26.03.2024

Innskjerping av tillate fosformengde

Medan dagens regelverk opnar for bruk av 3,5 kg fosfor per dekar i snitt frå husdyrgjødsel, er det i nytt regelverk foreslått å gradvis innføre krav til 2,7 kg fosfor per dekar. Innskjerpinga skal skje trinnvis over åtte år.

  • Frå 1. januar 2025: 3,1 kg fosfor per dekar
  • Etter 4 år: 3,0 kg fosfor per dekar
  • Etter 8 år: 2,7 kg fosfor per dekar

I 2018 foreslo Miljødirektoratet å innskjerpe fosfortilføringane ned til 2,1 kg fosfor per dekar. Dagens forslag er langt mindre inngripande for bøndene i Rogaland, men sjølv små endringar får store konsekvensar fordi produksjonen og avtalar i stor grad er tilpassa dagens regelverk.

Landbruks- og matdepartementet, LMD anslår at nær 20 prosent av husdyrbruket i Rogaland har overskot av husdyrgjødsel, og må anten leie spreieareal eller omsette gjødsel til andre gardbrukarar eller gjødselanlegg. Dei anslår at i underkant av 900 føretak vil ha for lite eige spreieareal ved innføring av 3,1 kg grensa, og at talet vil auke til i overkant av 1000 føretak når grensa på 2,7 blir innført. Vi trur mange vil vurdere å ta i bruk opninga for å følgje krav til fosforbalanse.

Mogleg å balansegjødsle

Føretak som har gode nok avlingar kan etter forslaget framleis gjødsle med inntil 3,5 kg fosfor per dekar. Dei må kunne dokumentere oppnådd balanse enten gjennom oversikt over fosforstrøymer inn og ut av føretaket, eller gjennom analyseresultat frå jordprøver ved start og slutt av ein fireårsperioden. Jordprøvane må då syne at fosfornivåa ikkje har gått opp. Moglegheita til å kunne bruke jordprøvedata som dokumentasjon gjeld ikkje dei som har meir enn 5 prosent organisk jord (myrjord). Har du meir enn 5 prosent organisk jord må fosforbalansen dokumenterast gjennom oversikt over fosforstrøymar.

For å kunne nytte seg av framlegget til å balansegjødsle, må føretaka registrere seg i eit offentleg register og innrapportere analyseresultat frå jordprøver. For både bonde og forvaltning vil dokumentasjon gjennom jordprøvar vere langt enklare å handtere enn dokumentasjon av fosforstrøymer ut og inn av garden.

Viktig oppdatering av normtal for fosformengde per dyr ­– påslag for høg avdrått

Fôrtypar, fôrutnytting, produksjon og levetid påverkar kor mykje fosfor eit dyr legg ifrå seg i husdyrgjødsla. Det har sidan dagens regelverk blei utforma for tretti år sidan, vore stor utvikling i både fôrutnytting og avdråttsnivå, og det har vore avgjerande for revisjonen av gjødselvareforskrifta å få oppdaterte normtal på plass. Generelt sett ser vi at høgtytande mjølkekyr skil ut meir fosfor enn det som ligg i dagens forskrift, der det ikkje blir differensiert på yting. Slaktegrisproduksjon kjem derimot langt betre ut med nye normtal. Lågare fosforinnhald i fôr og betre fôrutnytting forklarer kvifor nye berekningar viser nesten berre halvparten av fosfor-utskiljinga enn det som ligg til grunn i dagens regelverk. Det er også lagt opp til å differensiere mellom hurtigveksande og sakteveksande slaktekylling, der dei sakteveksande rasane logisk nok kjem ut med høgare fosforutskiljing per dyr.

Hugs at oppdaterte normtal må nyttast når konsekvensen for den einskilde skal vurderast. Vi er i gang med å vidareutvikle dagens «GDE-kalkulator» slik at føretaka kan legge inn eigne dyretal og sjå kva fosformengder dyra produserer. Kalkulatoren blir lagt ut på vår heimesida når den er klar.

Normtal fastsett i forskrifta skal brukast ved berekning av total fosformengde. Dersom det skal vere insitament for kraftfôrbransjen å utvikle kraftfôrslag med mindre fosforinnhald må normtala kunne oppdaterast oftare slik at lågare fosforutskiljing per dyr kjem til uttrykk i regelverket.

All gjødsel er inkludert – store konsekvensar for innmarksbeita

Dagens forskrift regulerer ikkje bruk av mineralgjødsel. Ut frå Mattilsynet sin mineralgjødselstatistikk blei det mellom juli 2022 og juli 2023 seld 329 tonn fosfor i Rogaland. Mineralgjødsel blir på lik linje med husdyrgjødsel og anrika husdyrgjødsel omfatta av ny forskrift, og alle gjødselslag inngår ved berekning av fosfortrykk per dekar.

Ein stor konsekvens av forslaget er at innmarksbeita må vere godkjende som spreieareal dersom dei skal gjødslast. Dette gjeld også gjødsling med fosforfri gjødsel. Det vil, på lik linje som i dag, vere kommunane som kan godkjenne spreieareal på innmarksbeite. Ein viktig følgje av forskriftsendringa er at det blir eit tydeleg forbod mot å gjødsle utmark.

Spreieareal på innmarksbeite

Innmarksbeita utgjer nær halvparten av totalt jordbruksareal i Rogaland. Det har vore stor spenning knytt til korleis spreieareal på innmarksbeite ville bli handtert i ny forskrift. Framlegget stadfester kommunen sin rolle med å kunne godkjenne innmarksbeite som spreieareal. I følgje temakart-rogaland.no/spreieareal er over 175 000 dekar innmarksbeite i dag godkjend som spreieareal for husdyrgjødsel. Arealgodkjenningane vil stå seg i ny forskrift, men krav om at all gjødsling på innmarksbeite krev spreiearealgodkjenning, vil utløyse eit stort behov for nygodkjenningar!

Departementet forslår difor ei overgangsordning fram til 2028, der føretaka kan gjødsle innmarksbeite utan spreiearealgodkjenning så framt gjødslingsplanen i 2022/2023 viser at det blei planlagd bruk av mineralgjødsel på arealet.  

Departementet foreslår å ta bort Statsforvaltaren sin tilgang til å legge føringar for godkjenning av spreieareal på innmarksbeite. Slik som i dag skal kommunen vurdere omsyn til natur- og kulturlandskapsverdiar, og om gjødslinga kan skje på ein forsvarleg måte når dei behandlar søknader om godkjenning. Det skal vere minimum 6 meter avstand til vassdrag «målt frå ytterkant av spreieutstyrets normale rekkevidde», og det er ikkje tillate å gjødsle med meir enn 2 kg fosfor per dekar.

Innmarksbeite er ein arealtype som rommar store variasjoner. Kor mykje produktivt areal det er på ein teig med innmarksbeite vil variere. Dagens metode for å godkjenne spreieareal på innmarksbeite i Rogaland inneheld ei konkret vurdering av kvart enkelt beite, der kommunen skjønnsmessig vurderer prosent uproduktivt areal på beitet (stein, fjell i dagen og liknande). Uproduktivt areal blir trekt i frå, og produksjonen på det resterande blir sett til å utgjere 2/3 av eit fulldyrka areal. Forslaget til ny forskrift inneberer ei forenkling, men tek ikkje opp i seg den store variasjonen som er mellom ulike innmarksbeite. Den gjer det også mogleg å gjødsle nærmare elv og innsjø. Ei grense på 2 kg fosfor per dekar svarar om lag til det som er krava i Rogaland i dag for eit beite med 10 prosent uproduktivt areal.

Nye krav til spreietid – i tråd med lokal forskrift i Rogaland

Det er foreslått i innskrenke spreievindauget for organisk gjødsel til 1. mars–1. september og fjerne høvet til å nedmolde husdyrgjødsel etter 1. september. Forslaget er i tråd med gjeldande lokal forskrift i Rogaland ( for kommunane Hå, Klepp, Time, Gjesdal, Sandnes, Stavanger og Randaberg). Innskrenkinga understrekar behovet for tilstrekkeleg lagerkapasitet, og får nok større konsekvensar i fylke der det er meir utbreitt å spreie husdyrgjødsel seint i sesongen. Det er ingen kommunar i Rogaland som har lokale forskrifter for utsett spreiefrist. Derimot er det i mange år blitt fokusert mykje på bygging av gjødsellager og spreiing av husdyrgjødsel tidleg i sesong, og kommunane fortel om langt mindre dispensasjonssøknader enn tidlegare på utsetting av spreiefrist. I dag er det kommunen som kan gi dispensasjon til seinare spreiing. I ny forskrift er det foreslått flytta til Statsforvaltaren.

Krav til gjødslingsplan blir innlemma i gjødselbruksforskrifta

Krav til gjødslingsplan blir gjeldande for alle som gjødslar meir enn 25 dekar per år. Det betyr at også golfbaner og parkanlegg over denne storleiken får krav til gjødslingsplan. Høvet i dagens forskrift om gjødslingsplanlegging til å godkjenne fleirårige planar for bruk med enkel/og eller ekstensiv drift, er foreslått oppheva. Det er også foreslått krav til koordinatfesting og innrapportering av jordprøvar. I tillegg kjem krav til å føre gjødslingsjournal. Føretak som søkjer regionalt miljøtilskot til miljøvenleg gjødselspreiing må allereie føre gjødslingsjournal.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.