Konsesjonsgrensa for slaktekylling er auka

Grensa for konsesjonsfri produksjon av slaktekylling er auka frå 120.000 til 140.000 omsette og slakta dyr. Forskriftsendringa av 26.04.2013 inneber at produsentar med ledig kapasitet kan auka sin produksjon i år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.05.2013

For om lag ti år sidan blei dei konsesjonsfrie grensene for svin og fjørfe auka med 50%. Nå er konsesjonsgrensa for slaktekylling auka med 20.000 til 140.000 dyr. For egg og svin er det ikkje gjort endringar i konsesjonsgrensene. Hovudregelen er at ingen får konsesjon til å driva over dei konsesjonsfrie grensene.

For meir informasjon viser vi til oppdatert forskrift og nettsidene til Statens landbruksforvaltning.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.