Kommunereforma: Fylkesmannen tilrår danning av fleire nye kommunar

Forsand bør danna ny kommune i lag med Strand og ikkje Sandnes, meiner Fylkesmannen i Rogaland. I den faglege tilrådinga vår foreslår me fleire endringar frå 1. januar 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2016

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt fylkesmenne i oppdrag å gi ei tilråding om framtidig kommunestruktur i fylket. Det skal også peikast på eventuelle grenseendringar som kan inngå i reforma. Vidare heiter det at me skal gi ei «vurdering av intensjonsavtaler som ikke førte fram og om disse kan være grunnlag for videre prosesser».

Fylkesmannen tilrår desse nye kommunane frå 1. januar 2020

  • Stavanger, Rennesøy og Finnøy
  • Sokndal og Eigersund, som første endring i Dalane
  • Forsand og Strand, som første endring i Ryfylke

Vidare prosess

Med grunnlag i dei utgreiingane som er gjort, tilrår me at arbeidet med å danna nye kommunar i Rogaland held fram. Dei mest aktuelle kommunane for vidare dialog:

  • Bjerkreim og Lund (Sokndal og Eigersund)
  • Hjelmeland (Strand/Forsand)
  • Bokn (Tysvær)
  • Utsira (Haugesund/Karmøy)
  • Randaberg, Sola og Kvitsøy («Nye Stavanger»)

Stavanger, Rennesøy og Finnøy

Finnøy og Rennesøy har vedtatt å gå saman med Stavanger i ein ny kommune. Alle tre kommunane har gjort positive vedtak.

Sokndal og Eigersund

Fylkesmannen rår til at Sokndal og Eigersund blir ein kommune. Samstundes peikar me på at det kan skje ei vidare strukturendring som involverer alle dei fire kommunane i Dalane. Då kan det vera aktuelt å sjå på dagens grenser mellom Lund og Flekkefjord (Vest-Agder).

Fylkesmannen har frå første fase i reformprosessen rådd dei fire kommunane i Dalane til å gjennomføra nabosamtalar og å vurdera framtidig struktur. Eit samla Dalane med om lag 24 000 innbyggarar vil «svara godt ut» på mål og kriterium sett frå sentralt hald. Dette er ein region med felles identitet og felles utfordringar til dømes når det gjeld økonomi og kompetanse, og relativt tett integrert når det gjeld busetting og sysselsetting.

Forsand og Strand

I Forsand har fleirtalet i kommunestyret (9 mot 8) gjort vedtak om å bli ein ny kommune saman med Sandnes. Kommunestyret har lagt til grunn at kommunen ikkje kan bestå som eigen kommune. Dette er ei vurdering me deler. Men Fylkesmannen i Rogaland vurderer ikkje Sandnes og Forsand som ei hensiktsmessig løysing ut frå regionale omsyn, jf. tilrådingsbrevet og vedlegg 2. Me konkluderer med å tilrå at Forsand blir ein ny kommune saman med Strand, som første steg på det som kan bli fleire endringar av kommunestrukturen i Ryfylke.

Behov for grensejusteringar

Det er behov for å løysa utfordringane som er knytte til byområde som blir vurderte som «funksjonelle samfunnsutviklingsområde», då særleg dei samanhengande tettstadsområda på Nord-Jæren og Haugalandet.

  • Åna-Sira i Sokndal – tilrår eigen prosess etter inndelingslova
  • Hylsstronda i Suldal – tilrår overføring til Sauda kommune
  • Jøsenfjorden og Ombo - tilråding blir ettersendt
  • Raglamyr/Norheim og Forus - tilrår at grenseendring eventuelt blir utgreidd nærare når spørsmålet om kommunestruktur er endeleg avklart i Stortinget.

Vindafjord og Etne (i Hordaland)

Desse to kommunane er i dialog om å danna ny kommune i lag, og me har avtalt utsett frist for endelege vedtak.

Kva ligg bak tilrådinga vår?

Mange kommunar har gjort eit omfattande utgreiingsarbeid og vurdert eigne utfordringar i høve til mål og kriterium som lagt til grunn for reformarbeidet. Alle vedtaka i kommunane er lagt ut på nettsida vår, og me har laga ein tabelloversikt (vedlegg 1).

Fleire av dei mindre kommunane har utfordringar med fagkompetanse for å utføra oppgåvene til dømes på omsorg og utdanning med kvalitet på alle område. Nærleiken mellom dei som har behov for tenester og dei som utfører dei, kan vera krevjande i «vanskelege saker». Samstundes legg mange vekt på nærleiken til tenestene som ein faktor som talar mot endring. I løpet av reformprosessen har føresetnadene endra seg både økonomisk og fagleg. Dei fleste kommunane i Rogaland taper på nytt inntektssystem – og krava til kompetanse er skjerpa både for utdannings- og helsepersonell.

Vedlegg

Heile tilrådinga vår til Kommunal- og moderniseringsdepartementet finn du som vedlegg til denne nettsaka. Med tilrådinga følgjer også to vedlegg:

Presentasjonane til fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og prosessrettleiar Anfinn Rosnes finn du også som vedlegg til nettsaka. 

Stortinget skal gjera vedtak om ny kommunestruktur før sommarferien 2017.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.