9 kommunar i Rogaland blir trekte til saman 422 millionar kroner grunna høge kraftinntekter

Stortinget har vedteke at det skal takast 2,2 milliarder kroner frå rammetilskotet til kommunar og 0,8 milliardar kroner i rammetilskotet frå fylkeskommunar med høge inntekter frå konsesjonskraft i 2023. Kommunal- og distriktsdepartementet har no fastsett fordelinga av trekket mellom kraftkommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.01.2023

I 2023 skal kommunar og fylkeskommunar med inntekter frå konsesjonskraft i område med svært høge straumprisar få eit eittårig trekk i rammetilskotet. Departementet kunngjorde 22. desember storleiken på trekket for dei enkelte kommunane.

Innrapporterte tal frå kommunane ligg til grunn for trekket. Juridisk bindande avtaler og anna disponering av krafta som påverkar realisert verdi av krafta og som var vedteke før framlegget var kjent 28.september, er det teke omsyn til. 

Departementet har teke utgangspunkt i innslagspunktet for høgprisbidraget frå kraftprodusentane på sal av kraft til ein pris over 70 øre/kWh. Ein andel av forventa inntekter over 70 øre/kWh er lagt til grunn for trekket. For at ingen kommunar skal ha negative innbyggjartilskot for inntektsutjamning er trekket korrigert for dette.  

Det er lagt til grunn ein forventa spotpris på 200 øre/kWh i 2023 for alle tre prissoner (NO1, NO2 og NO5), som var under snittet av terminprisane for 2023 gjennom desember. 

Dei ti kommunane i landet som blir trekte mest

Av 135 kraftkommunar fordeler trekket i rammetilskotet seg mellom 108 kommunar. Dei ti kommunane i landet som blir trekte mest blir samla trekt over 1 milliard kroner. Tre rogalandskommunar er blant dei ti kommunane med størst trekk i rammetilskotet. 

Kraftkommunane med størst trekk i rammetilskotet
Trekk pga konsesjonskraftinntekter, i 1000 kr
1.   Sandnes 141 826
2.   Kvinnherad 131 508
3.   Suldal 124 373
4.   Ål 121 548
5.   Sauda 106 979
6.   Lærdal 92 376
7.   Voss 87 075
8.   Vaksdal 84 915
9.   Kvinesdal 69 585
10. Høyanger 54 048

 

Kraftkommunane i Rogaland

Det er 9 kommunar i Rogaland som får trekk i rammetilskotet på grunn av høge konsesjonskraftinntekter. Trekket utgjer 422 millioner kroner samla for kommunane i Rogaland. Sandnes kommune er den kommunen i landet som får størst trekk i rammetilskotet. 

Slik fordelar trekket i rammetilskotet seg i Rogaland:

Kraftkommunane i Rogaland Trekk pga konsesjonskraftinntekter, i 1000 kr
1.   Sandnes 141 826
2.   Suldal 124 373
3.   Sauda 106 979
4.   Gjesdal 18 842
5.   Strand 8 424 
6.   Lund 7 922
7.   Eigersund 7 731
8.   Sokndal 5 772
9.   Bjerkreim 270
10. Hjelmeland 0
SUM Rogaland 422 139

 

For meir informasjon, sjå aktuell artikkel på regjeringen.no.

Nyhetssaken er oppdatert 13. januar 2023 etter at grunnlaget for berekninger av trekket i rammetilskotet vart publisert på regjeringen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.