21 kommunar er framleis grøne kommunar i KS sin analyse

Suldal kommune ligg høgast i Rogaland på indeksen for økonomisk handlingsrom med ein indeks på 16,37. Kommunen er ein av dei totalt 21 kommunane i Rogaland som ved den siste analysen til KS er vurdert som kommunar med større økonomisk handlingsrom. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

I år er ein av kommunane i Rogaland blitt ein raud kommune i analysen til KS. Dei fleste kommunane er likevel grøne kommunar også i år. Det viser at dei aller fleste kommunane i Rogaland er vurderte til å ha større økonomisk handlingsrom. 

Publisert 05.07.2023

KS gjer kvart år ein analyse av i kva grad kommunane i landet har økonomisk handlingsrom. Den siste analysen er gjort på konserntal for 2022. Kommunane er delte inn i tre kategoriar: kommunar med avgrensa økonomisk handlingsrom (raude), kommunar med moderat økonomisk handlingsrom (gule) og kommunar med større grad av økonomisk handlingsrom (grøne).

Følgjande kriterium og inndeling er brukt i analysen

I den årlege analysen til KS vert kommunane vurderte ut i frå følgjande indikatorar (som del av driftsinntekter):

  • Netto driftsresultat etter netto bundne fondsavsetningar
  • Netto lånegjeld trekt i frå ubundne fondsavsetningar
  • Disposisjonsfond inkludert samla meirforbruk i driftsrekneskapen til seinare inndekning

I fjor blei analysen av økonomisk handlingsrom omarbeidd frå tidlegare år. Endringane innebar at det skulle reknast ein eigen indeks for økonomisk handlingsrom per kommune ut i frå summen av dei tre indikatorane nemnt over. Same tilnærming er brukt i år, og tal frå 2022-analysen vil dermed vere samanliknbare med 2021-analysen.

Den samla poengsummen rangerast på følgjande måte:

  • Avgrensa økonomisk handlingsrom – indeks lågare enn 1 (raudt)
  • Moderat økonomisk handlingsrom – indeks mellom 1 og 2 (gult)
  • Større grad av økonomisk handlingsrom – indeks større enn 2 (grønt)

Resultatet for kommunane i Rogaland

I Rogaland er det éin kommune som no er på raudt, med avgrensa økonomisk handlingsrom. Dette er Randaberg kommune, som i fjor låg veldig nær grensa om å vere på raudt nivå. Rogaland har óg ein kommune på gult, med moderat økonomisk handlingsrom. Dette er Strand kommune. Resten av kommunane i Rogaland er på grønt.

Den viktigaste forklaringa på at desse to kommunane er på raudt og gult er høg lånegjeld. I tillegg har begge kommunane hatt ein nedgang i netto driftsresultat fra 2021 til 2022. 

Randaberg kommune ligg på 0,98 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 1,01. 

Strand kommune ligg på 1,07 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 1,71. 

Samla sett har 14 kommunar lågare handlingsromsindeks i år, samanlikna med analysen i fjor. 9 kommunar har høgare handlingsromsindeks enn i fjor. 

Komplett kommuneoversikt for Rogaland

Kommune Netto driftsresultat inkl. netto bundne avsetninger i prosent av driftsinntekter Netto lånegjeld korrigert for ubundne investeringfond i prosent av driftsinntekter Disposisjonsfond inkl. rekneskapsmessig meir/mindreforbruk i prosent av driftsinntekter Handlingsrom indeks
Eigersund 1,6 94,0 20,2 2,74
Stavanger 6,3 71,6 16,0 4,21
Haugesund 2,7 74,2 13,3 2,67
Sandnes 2,9 76,4 19,2 3,35
Sokndal 0,6 46,7 20,1 3,18
Lund 2,6 68,8 12,1 2,59
Bjerkreim 9,2 27,6 29,2 7,38
6,8 67,8 22,6 5,18
Klepp 6,0 57,7 18,7 4,64
Time 4,6 84,1 13,0 3,10
Gjesdal 3,7 78,7 14,2 3,03
Sola 9,9 60,4 15,5 5,54
Randaberg 1,6 110,6 6,9 0,98
Strand 0,7 117,0 11,3 1,07
Hjelmeland 6,1 61,1 29,0 5,77
Suldal 27,1 19,0 55,1 16,37
Sauda 2,5 76,5 19,3 3,23
Kvitsøy 13,4 46,8 43,0 9,99
Bokn 7,4 72,4 39,7 7,20
Tysvær 8,9 77,4 20,6 5,49
Karmøy 3,9 57,8 17,3 3,79
Utsira 19,7 44,6 35,2 11,26
Vindafjord 6,5 52,8 21,8 5,24


Sjå lenke til KS sin artikkel med resultata av analysen for alle kommunar i landet (rekneskapstal for 2022) og med ei forklaring av korleis dei kjem fram til verdiane i sjølve indeksen.

Vi har også lenka til artikkelen vi skrev i fjor med resultata for kommunane i Rogaland ut frå rekneskapstala for 2021.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.