Ei kartlegging og tilsyn med Krisesentertilbodet i Nord-fylket og Haugesund kommune

Fylkesmannen har i 2017 gjennomført ei kartlegging av kommunane i Nord-fylket sitt krisesentertilbod og vi har hatt eit systemtilsyn med Haugesund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2017

Alle kommunane i Nord-fylket har organisert sitt krisesentertilbod i det interkommunale selskapet «Krisesenter Vest IKS».

I tilsynet med Haugesund kommune undersøkte vi korleis barn og unge sitt opphald i krisesenter er tilrettelagt og korleis deira særlege behov er tatt omsyn til.

Fylkesmannen fann at det ikkje var tilrettelagt eit krisesentertilbod til barn som kjem saman med far.  

Haugesund kommune har i oppfølginga av tilsynet no etablert eit tilbod til denne gruppa som er i tråd med regelverket. Tilsynet er avslutta.

Rapporten etter tilsynet med krisesentertilbodet kan du lese her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.