Ny Helseteknologiordning: Tilrettelegging for å ta i bruk teknologi i den kommunale helse- og omsorgstenesta

Helseteknologiordninga skal støtte innføring av ny teknologi i kommunane, og vidarefører satsinga på velferdsteknologi. Prioriterte område i 2024 er velferdsteknologi, digital heimeoppfølging og journalløysingar. 

Publisert 27.11.2023

Helseteknologiordninga er overgang frå Nasjonalt velferdsteknologiprogram. Tilskotsordninga vert forvalta av Helsedirektoratet, og søknadsfrist er 15. januar 2024. Tilskot til fordeling er kr 56 700 000.  

Ordninga gjeld meir enn berre tilskot, då den òg inneheld prosessrettleiing til kommunane, KS nettverk og legg stor vekt på standardisering. Ordninga vil kunne byggast ut over tid, og skal på sikt kunne omfatte alle typer helseteknologi. 

Det er kommunar og fylkeskommunar som kan søke tilskot. Kommunar kan søke i samarbeid med helseføretak og /eller andre kommunar. Det kan søkast om støtte til anskaffingar, innføring og utprøving. Ein kan ikkje nytte tilskotet til kjøp av sjølve løysinga. Tilskot kan òg gis til kommunar som ønsker å prøve ut nye område for samhandling som ein del av Felles jounalløft for kommunane. 

Måla med tilskotsordninga er: 

  • Stimulere kommunane til å samordne seg.
  • Avlaste risiko for kommunar som går foran i utprøving og innføring av digitaliseringstiltak, og som gjer ein felles innsats for at løysingane som vert utvikla er trygge, smarte og effektive og kan gjenbrukas av fleire.
  • Støtte innføring av ny teknologi og endring av arbeidsprosessar i helse- og omsorgstenesta, og skal bidra til å styrke samhandlinga.
  • Bidra til ein enklare arbeidskvardag.
  • Støtter opp under digitaliseringsmåla i helse- og omsorgssektoren.
  • God overgang frå Nasjonalt velferdsteknologiprogram til
    helseteknologiordninga

Spreiing av digital heimeoppfølging 2022 - 2024 har per idag 17 samarbeidsprosjekt som inkluderer kommunar, fastlegar og helseføretak. Desse er fordelt utover heile landet, og omfattar alle 19 helsefellesskap og 169 kommunar i ulik grad. Prosjekta har ulike modellar ut frå lokale synergiar for å sikre ein berekraftig teneste. Møre og Romsdal har med prosjekt Volda. 

Velferdsteknologi til barn, unge og vaksne med medfødt eller tidleg erverva funksjonsnedsetting har med 27 prosjekt som når 65 kommunar på landsbasis. Møre og Romsdal har her med 5 prosjekt representert med Sykkylven, Ulstein, Ålesund, Molde og Kristiansund. 

Les meir om Helseteknologiordninga her.