Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tilskot til tiltak i kulturlandskapsområde registrert som verdifulle kulturlandskap

Søknadsfrist:
15. januar 2021 23:59
Målgruppe:
Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Ansvarleg:
Hege Steigedal
Kven kan søke:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap, og som er prioriterte for tilskot over denne ordninga.

Publisert 08.12.2020

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel eller restaurering
  • Nedkjemping av framande arter
  • Gjerding og tilpassa driftsform i jordbruket

Det er utvikla eit eige sett med kriterium for tildeling. I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak og informasjon. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde vil tiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot sender du i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist:
15. januar 2021 23:59
Målgruppe:
Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Ansvarleg:
Hege Steigedal
Kven kan søke:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.