Søknad om erstatning for rovviltskade

Når gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er skuld i tap av husdyr eller tamrein har dyreigar lovfesta rett til full erstatning.

Fristen for å søke om erstatning for rovviltskader på husdyr er 1. november.

Søknad om erstatning for rovviltskade skal sendast inn elektronisk via Miljødirektoratet sitt søknadssenter. Unntaket er søknader som gjeld tap av geit, storfe eller hund. Her kan søknad leverast per post eller på e-post til Fylkesmannen sitt postmottak, fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.

Det vert betalt ut erstatning for husdyr som har status «dokumentert» eller «antatt» drept av freda rovvilt i Rovbase. Dokumentasjon av rovviltskade blir gjennomført av Statens naturoppsyn sine rovviltkontaktar. I dei tilfella ein ikkje har funne kadaver eller det ikkje er mogeleg å fastslå dødsårsak, kan det betalast ut erstatning etter ei skjønsvurdering.

Den som søker om erstatning må legge ved individlister for buskapen til søknaden. Individlistene skal minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom søye og lam, dødsårsaker og helse-/sjukdomsinformasjon. For medlemmer i Sauekontrollen, er det mogeleg å lage ein rapport  i pdf-format som gir dei naudsynte data til sakshandsaminga. Vi oppmodar om at denne vert lagt ved elektronisk.

Dersom du ikkje har tilgong til eiga datamaskin, eller har vanskar med å levere søknaden elektronisk, kan du kontakte kommunen du bur i i god tid før søknadsfristen 1. november. Søkar har eit sjølvstendig ansvar for å søke innan fristen. Fylkesmannen kan gje nærare rettleiing om krav til innhald i søknaden.


Hugs følgjande når du søkjer om rovvilterstatning:

 

  • Legg ved kart som viser kva for beiteområde dyra dine nyttar i beiteseongen
  • Gje informasjon om besetninga di på individnivå; data over tapte, skadde og sjuke dyr
  • Fordel tapet på den rovviltarten du meiner har tatt husdyra dine
  • Oppgje korrekt sone for distrikstilskot; Kart over sonegrenser (NIBIO)
  • Send gjerne med tilsynslogg