Verdfulle skogområde verna i Møre og Romsdal

Ytste Skotet (Foto: Øivind Leren)
Ytste Skotet (Foto: Øivind Leren)

Regjeringa har i Statsråd 06.12.2019 oppretta tre nye skogreservat, samt utvida eit eksisterande verneområde i fylket vårt. Alle vernevedtaka kjem etter at grunneigarane tilbydde skogen for frivillig vern. Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i skogsnaturen vår.

I Møre og Romsdal er det no vedtatt vern av om lag 5350 dekar verdifull skog. Fredinga er eit resultat av ordninga frivillig skogvern. I fylket er det no oppretta tre nye naturreservat, Ytste Skotet i Stordal kommune, Kanestraum naturreservat i Tingvoll kommune og Geitåa i Surnadal kommune. I tillegg har vi fått ei utviding av Ørnakken naturreservat i Skodje kommune.

Naturtypane er gammal barskog, fuktig og kystnær furuskog, samt noko rikare areal med edellauvskog. Her er leveområde for fleire raudlista artar og naturtypar. Føremålet med naturreservata er å ta vare på tilnærma urørte naturområde av stor verdi for naturmangfaldet, der både skogtypane og førekomsten av trua artar vektleggast.

Frivillig vern viktig

Stortinget har vedteke at 10 % av skogen skal vernast, og vernevedtaket er eit resultat av satsinga på frivillig skogvern. Ordninga har blitt ein stor suksess, og det er Norges Skogeigarforbund som skaffar fram skogareal med sjeldne artar og av ein slik kvalitet at det kan få status som naturreservat. Det har vert stor aktivitet på Nordmøre, men det har ikkje vore like mykje blest om ordninga elles. Dette er dei to fyste vernevedtaka etter ordninga på Sunnmøre.

Interesserte skogeigarar kan tilby vern av skogen sin, og dersom denne har høge nok naturkvalitetar, kan dette resultere i nye naturreservat. Det blir forhandla fram ei erstatning for tapte inntekter.