Kartlegging av naturtypar i 2023

Gammal furuskog på Nordmøre. Foto: Øivind Leren Foto: Øivind Leren.

Frå mai til oktober skal Miljødirektoratet og Statsforvaltaren kartlegge naturtypar i utvalde område i Møre og Romsdal. Vi ber grunneigarar i dei aktuelle områda om å ta kontakt med Statsforvaltaren om det er særlege hensyn som vi bør ta på dykkar eigedom.

Publisert 10.07.2023

Kvifor kartlegg vi naturtypar?

Målet med kartlegginga er å få på plass god stadfesta informasjon om naturen, til bruk i mellom anna arealplanlegginga. Det vil kunne bidra til at det er lettare å ta omsyn til naturen tidleg i slike prosessar. I tillegg kan det bidra til meir effektivitet og forutseigbarhet. 

Kartlegginga kan og være nyttig for grunneigarar som ønsker å søke om tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskapet

Kva skal kartlaggjast?

Ikkje all natur blir kartlagd. Kva naturtypar som skal kartleggjast er fastsette i kartleggingsinstruksen for 2023 som er gitt ut av Miljødirektoratet og denne inkluderer 111 ulike naturtypar. Dei fleste av desse naturtypane er raudlista i Noreg, mens resten av naturtypane skal kartleggjast fordi dei er viktige leveområde for trua og nær trua artar.

Miljødirektoratet har ein eigen digital kartløysing kor du kan sjå alle områda som skal kartleggast i år.  

resultata frå kartlegginga vil bli tilgjengeleg for alle våren 2024 via naturbase. Her kan du og sjå kva for naturtypar som har blitt funne ved tidlegare kartleggingar. 

Korleis skal områda kartleggjast? 

Kartlegginga vert utført av ulike firma med kompetanse på naturkartlegging.

Kartlegginga vil gå føre seg på land etter eit standardisert system som heiter Natur i Noreg (NiN). At eit område vil bli kartlagt inneber i praksis at konsulentar på oppdrag for MIljødirektoratet eller Statsforvalteren undersøkjer områda som skal kartleggjast til fots og leitar etter dei 111 naturtypane fastsette i instruksen. Dersom kartleggjarane finn ein naturtype vil dei registrere omfanget av naturtypen og ta bilete av naturtypen. All registrering skjer via ipad i Miljødirektoratet sin  eigen app "NiNapp". I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt å ta med små mengder plantemateriale for nærare undersøkingar og identifisering av artane.

I tillegg til å feste til kartet kvar me har naturtypar, skal kartleggjarane og vurdere koss kvalitet kvar enkelt natyrtypelokalitet har. Både tilstand og artsmangfald i lokaliteten inngår i denne vurderinga. Metoden er laga av ei ekspertgruppe for å synleggjere kvalitetsforskjellar mellom ulike lokalitetar av same type natur. Kvalitetsinndelinga går frå svært låg til svært høg.

Er det spesielle omsyn som bør tas ved ferdsel på din eigedom?

All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i samsvar med reglane i friluftsloven om ferdsel og god ferdselskultur. Dei fleste kartleggingsområda inneheld både innamrk og utmark, men naturtypane som kartleggjast er i all hovudsak i utmark. I nokre tilfelle vert innmark berørt, anten fordi den skal kartleggast (til eksempel hule eiker), eller fordi kartleggjaren har behov for å gå langs innmark eller krysse innmark.

Der det er spesielle omsyn som må takast med slik ferdsel eller det ikkje gis samtykke til ferdsel på innmark, ber vi om at grunneigar tek kontakt i forkant av kartlegginga med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Det er sendt ut informasjonsbrev til grunneigarane. 

Vil du vite meir om kartlegging av naturtypar?

Miljødirektoratet har ei eiga nettside om naturtypar som svarar på spørsmål om:

  • Kva er ein naturtype?
  • Kva for naturtypar kartleggjast?
  • Kvifor kartleggjast naturtypar?
  • Korleis kartleggjast naturtypar?
  • Korleis skal naturypedata brukast i arealforvaltninga?
  • Kva for område blir kartlagt?