Færre pukkellaks i Møre og Romsdal i år

Illustrasjon av pukkellaks frå NINA-plakat

Det er hittil rapportert at 56 pukkellaks vart tatt ut gjennom organiserte tiltak i elver i fylket i år. Dette er ein god del mindre enn 2021 då uttaket var på 453 stk.

Publisert 20.09.2023

Statsforvaltaren gav fleire forvaltningslag løyve til ekstraordinært uttak av pukkellaks i sommar. Det var også delt ut midlar til lag og foreiningar som søkte om dette. Vi fekk tildelt kr 100.000 til formålet frå Miljødirektoratet.

Innsiget var truleg ein del mindre i år enn i 2021, noko også fangst i sportsfisket viser. Desse elvene har rapportert om fangst av pukkellaks gjennom organiserte tiltak i år:

Ørstaelva: 21 stk.
Ålvundelva: 15 stk.
Oselva i Syvde: 7 stk.
Åheimselva: 6 stk.
Vartdalselva (Søre): 3 stk.
Sylte-/Moaelva: 2 stk.
Batnfjordselva: 2 stk.

I sportsfisket ser det ut til at det er fiska flest pukkellaks i Driva med 9 stk. 

Uttaket i Møre og Romsdal er lite samanlikna med Troms og Finnmark (over 240.000 stk. der), men elles er det berre teke ut fleire i Nordland (374 stk.). Det er likevel lagt ned ein betydelig frivilleg innsats i fleire elver i fylket.

Pukkellaks-uttak sommaren 2023

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktpersonar