Nytt forureiningsregelverk for akvakultur av fisk i sjø

Akvakulturanlegg i sjø. Foto: Wikipedia.

Nytt forureiningsregelverk for akvakultur i sjø vart vedteke 2. februar 2024. Det nye regelverket inneber at akvakultur av fisk ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja som hovudregel blir tillate utan særskild løyve etter forureiningslova. 

Publisert 22.03.2024

Vilkår i løyve etter forureiningslova for å førebyggje og redusere forureining og avfallsproblem frå akvakultur blir erstatta av standardkrav i akvakulturdriftsforskrifta. Dei nye krava i akvakulturdriftsforskrifta til drift, overvaking og rapportering vil bidra til at næringa får standardiserte krav som er oppdaterte og tilpassa dagens kunnskap om miljøpåverknad frå fiskeoppdrett i sjø.

Rettleiing

Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet arbeider no med å lage rettleiing til det nye regelverket. Dette vil verte publisert etter kvart av direktorata.

Kva er omfatta av det nye regelverket

Tradisjonelle, opne akvakulturanlegg av fisk i sjø ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Forskriftene gjeld ikkje fangstbasert akvakultur, drift av restitusjons- og mellomlagringsmerdar for levendelagring av villfanga fisk og oppbevaring av matfisk i slaktemerdar ved slakteri.

Når regelverket vart sett i kraft

Det nye regelverket vart sett i kraft 2. februar 2024, og har verknad frå kunngjeringstidspunktet 5. februar 2024.

Unntak: Dei nye krava om rapportering av opplysningar om fôr, forbruk av legemiddel og bruk av notimpregnering i akvakulturdriftsforskrifta § 44 tredje ledd har utsett tidspunkt for når dei vert sett i kraft. Direktorata treng noko tid på å få på plass ei rapporteringsløysing og deling av data. Desse krava vert difor sett i kraft når KLD og NFD bestemmer det, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 70 ellevte ledd.

Kva forskrifter som er omfatta av endringane i regelverket

Forskrift om endring i laksetildelingsforskriften - Lovdata

Forskrift om endring i forskrift om tillatelse til akvakultur av andre arter enn laks, ørret og regnbueørret - Lovdata

Søknadskrav
Forskrift om endring i forurensningsforskriften (akvakultur av fisk) - Lovdata Akvakulturanlegg tillatast som hovudregel med forskriftsregulert drift eller unntaksvis gjennom særskild løyve
Forskrift om endring i forskrift om samordning og tidsfrister i behandlingen av akvakultursøknader - Lovdata Samordning søknadshandsaming, melding om forskriftsregulering
Forskrift om endring i akvakulturdriftsforskriften - Lovdata Driftskrav og overgangsordning