God landbruksplan med jordvernstrategi i Sykkylven kommune

Eit bilete viser en framsida på landbruksplan  og jordvernstrategi for Sykkylven kommune.
Fotomontasje av landbruksplan og jordvernstrategi for Sykkylven kommune. Foto: Sykkylven kommjune.

Kommunen har gjort eit godt stykke arbeid til inspirasjon for andre kommunar.

Publisert 12.03.2024

Sykkylven kommune har ikkje fått nasjonale midlar til kommunal jordvernstrategi. Likevel prioriterte dei ein slik strategi i arbeidet med ny landbruksplan.

Landbruksplanen har status som temaplan. Den består av ein statusdel, handlingsplan med konkrete målsettingar og tiltak, samt ein jordvernstrategi. Planen skal rullerast kvart åttande år, medan tiltaksdelen skal rullerast kvart fjerde år eller ved behov.

Honnør for godt arbeid

Statsforvaltaren gav i sin uttale til planen honnør til Sykkylven kommune. I både landbruksplanen og jordvernstrategien er det gjort eit godt arbeid med å skildre utviklingstrekk og status i kommunen. Kommunen og næringa har saman kome fram til satsingsområde, tiltak og strategiske grep. Føremålet med landbruksplanen er å styrke landbruket sin plass og rolle i den kommunale planlegginga, og formidle landbruksnæringa sine positive ringverknadar for innbyggjarar, andre næringar, natur og kulturlandskap.

Godt døme for andre kommunar

Statsforvaltaren meiner at landbruksplanen med kommunal jordvernstrategi gjev Sykkylven eit godt grunnlag for å oppnå føremålet. Planen er også eit særs godt døme til andre kommunar som ønskjer å gjere det same.

Landbruksplanen med jordvernstrategien finn du på Sykkylven kommune sine nettsider