Kommunedelplan Isfjorden – gode rammevilkår for landbruksnæringa

Ved fråsegn til 2. gongs høyring for kommunedelplan Isfjorden i Rauma kommune, hadde Fylkesmannen 3 motsegner på vegne av landbruksinteressene. Ved 3. gongs offentleg ettersyn er alt teke til etterretning, og Fylkesmannen kunne dermed trekke motsegna knytt til plana for landbruksinteressene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2016

Dei tre motsegnene gjaldt spreidd utbygging langsmed Toklevegen, manglande omsynssone landbruk mellom Ytre Tokle og Isfjorden, og til slutt lokaliseringskriterium i føresegnene. Desse tok kommunen omsyn til før 3. gongs offentleg ettersyn.

Med den nye kommunedelplana for Isfjorden har landbruksnæringa fått på plass gode, langsiktige rammevilkår for å fortsatt drive matproduksjon i Isfjorden i framtida.

Basecamp Kirketaket var eit nytt område, som vart teke inn i plana ved siste offentleg ettersyn, med hyttefelt, alpinsenter og alpinbakke. Frå Fylkesmannens landbruksavdeling vert det fråsegn om at det er noko skog, også plantefelt, vest i planområdet for hyttefelta på basecamp Kirketaket. Fylkesmannen er oppteken av å unngå at atkomst til og drift av denne skogen vert forringa. Erfaringsvis kan det bli konflikter i høve til tømmerlunnnar og parkeringsplass. Ved planlegging av infrastruktur i planområdet bør kommunen difor ta omsyn til skogressursane. Det er lauvskog (bjørkeskog) aust i planområdet, som har noko mindre økonomisk verdi, mest som vedskog.

Fylkesmannen er elles uroa for konsekvensen av utbygging av hyttefelt og alpinsenter vedrørande beiteområde, og vil poengtere at det er viktig med gode føresegner i ei framtidig reguleringsplan som tek omsyn til landbruksnæringa og målet om auka matproduksjon.