Høyring - Fylkesstrategi for landbruk 2023-2026

Forslaget til ny Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal er no ute på høyring. Høyringsfristen er 1. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.07.2022

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for regional planlegging. Det finst fylkesstrategiar for ulike samfunnsområde. No er fylkesstrategien for landbruk i ferd med å bli fornya. Gjeldande Landbruksmelding for Møre og Romsdal var for perioden 2017 – 2021. Den blir erstatta med Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal, som skal gjelde i perioden 2023 – 2026.

Statsforvaltaren har bistått fylkeskommunen i arbeidet med ny fylkesstrategi. Landbruksnæring og kommunal landbruksforvaltning har også medverka undervegs i prosessen.

Målet med fylkesstrategien er å få ein langsiktig plan for utviklinga av landbruket i Møre og Romsdal, vere eit kunnskapsgrunnlag for politiske beslutningar på ulike nivå og gi fylkeskommunen gode føresetnader for å vere ein tydeleg regional utviklingsaktør.

Som del av kunnskapsgrunnlaget for den nye fylkesstrategien er det bestilt og utarbeidd to undersøkingar. Statsforvaltaren har bidratt i finansieringa av undersøkingane. Desse er heilt ferske. Ruralis har laga ein ny «Trender i landbruket» der eit utval bønder i Møre og Romsdal er spurt om status og framtidsutsikter. NIBIO har laga «Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal» som viser status og utvikling for verdiskaping og sysselsetting i næringa.

Den nye fylkesstrategien skal behandlast og Fylkestinget i desember 2022. Merknader eller forslag kan spelast inn til post@mrfylke innan 1. oktober.