Utvikling kjøtforbruk

Vi et meir kjøt. Vi et mykje meir fjørfekjøt og litt meir svinekjøt, medan vi har eit stabilt forbruk av kjøt frå grasetande storfe og småfe.

Publisert 13.11.2023

Kjøtforbruk er tema i møte med klima, berekraft, folkehelse og landbrukspolitikk. Det meste av landet vårt er mest eigna til produksjon av gras, noko som betyr at storfe og småfe, grasetarane, er det vi har best naturgitte forhold for. I Møre og Romsdal er heile 96 prosent av jordbruksarealet brukt til grasproduksjon.

I 2021 har kvar innbyggar eit kjøtforbruk (engros, dvs. omsett vare) på 79,7 kg. 30 år tidlegare (1990) hadde kvar innbyggar eit kjøtforbruk på 55,3 kg. 20 år før det igjen (1969) hadde kvar innbyggar eit kjøtforbruk på 41,6 kg. På 50 år har samla kjøtforbruk auka med 38,1 kg, som nesten er ei dobling.

Forbruk av fjørfekjøt har auka mest, frå 1,4 kg i 1969 til 21,9 kg i 2021. Det er ein auke frå 3,4 til 27,5 prosent av det samla kjøtforbruket i desse 50 åra. Svinekjøt har også hatt ein auke, frå 17,4 kg til 27,4 kg. Til saman har svin og fjørfe stått for auke på 30,5 kg av den totale auken på 38,1 kg i samla kjøtforbruk. Forbruket av småfekjøt i same perioden har vore på praktisk talt same nivå (ca. 5 kg). Storfe hadde ein auke i perioden mellom 1969 og 1979 på 5 kg (frå 15 til 20 kg) og har sidan vore på det nivået. Anna kjøtforbruk (viltkjøt, biprodukt, grensehandel) utgjer berre ein liten del av samla kjøtforbruk.

I Møre og Romsdal produserer vi veldig lite av dei kjøtslaga som vi i dag et meir av enn tidlegare.

Figur som viser utvikling i kjøtforbruk.
Figur 1: Utvikling i kjøtforbruk. Engros forbruk, dvs. omsett vare. Bein, avskjer og svinn er ikkje trekt frå. Alle tal i kg per innbyggar. Kjelde: Animalia.
Figur som viser slakt fordel på fylker.
Figur 2: Figur 2: Slakt til mat fordelt på fylke, i tonn. Kjelde: SSB

 

Kontaktpersonar

Faktaboks

Denne artikkelen er fyrst publisert i Møre og Romsdal Fylkeskommune sin Fylkesstatistikk 2023. Trykk på denne lenka for å lese Fylkesstatistikken