Vent med hogsten

Både skogeigaren og klimaet tener på å vente med hogst til skogen har fått med seg åra med best tilvekst.

Publisert 31.10.2023

Skogen veks godt i vårt fylke, særleg grana. Eit mildt klima og næringsrike li-sider sørgjer for dette. Granskogen bind dermed store mengder karbon, samtidig som det vert produsert tømmer av god kvalitet.

Kva tidspunkt du vel å hogge skogen på, påverkar mengda bunde karbon, og volum og kvalitet på trevirket.

Høg tilvekst på skogen gjev høg binding av karbon. Tilveksten aukar med trestorleiken opp til ein gitt alder. Granskogen kan nesten doble volumet i den beste tilvekstperioden på tjue år. Større og lengre skog gir også betre pris på trevirket og lågare driftsprisar.

Eksempelet i tabellen viser at netto til skogeigar aukar med 150 prosent ved å vente 20 år med hogst. Bindinga av karbon følgjer auken i hogstvolum. 

Kontaktpersonar

Faktaboks

Denne artikkelen er fyrst publisert i Møre og Romsdal Fylkeskommune sin Fylkesstatistikk.

Fylkesstatistikk 2023 - Møre og Romsdal (mrfylke.no)