Forvaltningsplan laga for utvald kulturlandskap: Eikesdalen

Forvaltningsplanen for Eikesdalen er vedteken, etter at området i 2022 fekk status som utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL).

Publisert 19.03.2024

Eikesdalen –  det finst berre ein

Eikesdalen ligg heilt aust i Molde kommune i Møre og Romsdal. Dalen er rekna for å vere ein av dei mest storslåtte i fylket. Området har eit uvanleg godt, varmt og tørt klima. Dette gir opphav til eit unikt mangfald av artar– nokre er også sjeldne og unike for området. Det gode klimaet gir grunnlag for eit frodig og variert jordbruk. Liene i Eikesdalen har store område med varmekjær lauvskog og her finn du Nord-Europas største samanhengande hasselskog. Bruk av skogen til tønneband, nøttesanking og hausting av husdyrfôr (piling/styving) har lange tradisjonar.

Klimaet og naturressursane i Eikesdalen gjorde at menneske kom hit for over 11 000 år sidan,  truleg som eit av dei første områda i landet. Her finst spor og symbol frå ulike tidsperiodar. Dalen har også eit særleg flott gards- og bygningsmiljø frå nyare tid.

Om Eikesdalen blir det sagt at “Det finst berre ein”. Og det er nettopp kombinasjonen av, og dei sterke kontrastane mellom, naturlandskapet og det unike kulturlandskapet som gjer dalen heilt spesiell.

Bilete av det særmerkte bygningsmiljøet, med gardstuna som ligg langs vegen med fjøsa på rekke bakom våningshusa.
Gardstuna ligg langs vegen som eit særmerkt bygningsmiljø, med fjøsa på rekke bakom våningshusa. Foto: Bjørn M. Øverås.

Arbeidet med ny forvaltningsplan for området

Etter at Eikesdalen fekk status som utvald kulturlandskap har det vore jobba med ein forvaltningsplan for området. Det er sett krav om at alle utvalde kulturlandskap skal ha ein slik plan. Forvaltningsplanen skal skildre kulturlandskapet sine verdiar, utfordringar og fastsette langsiktige mål og overordna prioriteringar knytt til jordbruksdrift, landskap, naturmangfald og kulturarv.

Landbruksseksjonen i Molde kommune har hatt hovudansvar for å utarbeide forvaltningsplanen. Dei har samarbeidd med arbeidsutvalet for området, som består av grunneigarar og drivarar, i tillegg til representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Planen var på høyring i perioden desember 2022 til mai 2023 og blei vedtatt av Molde kommunestyre 14. desember same år.

Forvaltningsplanen skal reviderast kvart fjerde år.

Om mål i forvaltningsplanen

Det overordna målet i forvaltningsplanen for Eikesdalen er å: «oppretthalde jordbruksdrifta og ta vare på dei kulturelle, biologiske og landskapsestetiske verdiane i Eikesdalen, materielle så vel som immaterielle».

Vidare listar planen opp fem prioriterte område for å nå dette målet: 

  • Ta vare på haustingsskogbruket og tradisjonane knytt til dette, med særleg vekt på skjøtsel av hassel og alm
  • Bevare bygningsmiljø og kulturminne
  • Støtte opp under og stimulere til vidare jordbruksdrift og beitedyrhald
  • Ta vare på samanhengande drag/korridorar og gamle ferdselsårer til lands og på vatn
  • Å formidle og synleggjere dei mangfaldige verdiane i området, overfor både fastbuande og tilreisande

Det er sett opp status, delmål og aktuelle tiltak for kvart område. Måla skal sikre ein arealbruk som støttar opp om landskapsverdiane, kva som er praktisk mogleg og driftsøkonomisk berekraftig.

Eit bilete av sau som beitar på garden Hoem. Eit  prioritert tiltak i planen er å støtte opp under og stimulere til vidare beitedyrhald.
Eit prioritert tiltak i planen er å støtte opp under og stimulere til vidare beitedyrhald. På Hoem gard blir det beita med sau Foto: Tormod Meisingset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kvart år vil det bli utarbeidd lokale retningslinjer for å følgje opp forvaltningsplanen.  Retningslinjene vil gå meir konkret inn på kva for tiltak som vil bli prioritert ut frå årleg budsjett, innspel frå det lokale arbeidsutvalet og føringar frå nasjonale myndigheiter med vidare.

Eikesdalen er i oppstartsfasen som utvald kulturlandskap og treng framleis tid til å finne løysningane som på best mogleg måte fremmer heilskapleg og langsiktig forvaltning av dei mangfaldige verdiane i området. Forvaltningsplanen, saman med eit stort engasjement hos kommunen og grunneigarar, legg eit godt grunnlag for vidare arbeid!

Dei utvalde kulturlandskap i jordbruket

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. Det er i dag 51 område som er valt ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket, der kvart område har sitt særeigne landskap. Områda vert støtta gjennom ei felles tilskotsordning frå landbruks- og miljøforvaltninga.

Eit bilete av fjorden som viser kombinasjonen av  av naturlandskapet og kulturlandskapet.
Kombinasjonen av naturlandskapet og kulturlandskapet gjer dalen heilt spesiell. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.