Mykje beite gror att med skog

Foto: Ragnhild Naug Aas, Statsfrovaltaren i Møre og Romsdal

NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) går no gjennom arealressurskartet (AR5) for dei fleste kommunane nord for Romsdalsfjorden. Ein gjennomgang av fire kommunar viser at mykje innmarksbeite er grodd att med skog.

Publisert 12.12.2023

Arealressurskartet – AR5

Arealressurskartet (AR5) klassifiserer areala ut frå ulike arealtypar. Det er til dømes fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite, skog og nedbygd areal. Det er noverande tilstand som er avgjerande, ikkje bruk. Det går gjerne 4-8 år mellom kvar gong NIBIO gjennomfører ei slik oppdatering. Kommunane har ansvar for fortløpande oppdatering. NIBIO samanliknar sist oppdaterte AR5 med det dei ser i nye ortofoto (flybilete) i sin gjennomgang. 

 Frå jordbruksareal til skog

Det er kommunane Averøy, Kristiansund, Gjemnes og Tingvoll som no har fått klassifisert areala på nytt. Resultatet frå gjennomgangen viser at 2 266 dekar jordbruksareal har gått ut av jordbruksproduksjon i åra etter 2018. Av dette har 1 255 dekar innmarksbeite og 487 dekar fulldyrka jord grodd att med skog. Resterande utgått areal er enten nedbygd, nytta til samferdsel eller blitt til myr. Det har vore noko nydyrking og rydding av beite i perioden, til saman 620 dekar. Netto tap av jordbruksareal i perioden vert da 1646 dekar. Dette utgjer om lag 2,2 prosent av jordbruksarealet i desse kommunane. Areal med innmarksbeite har isolert sett gått ned med 10 prosent!

Endringar i arealklassifisering:

imager24n7.png

AR5 er mykje nytta

Arealressurskartet (AR5) vert nytta til mange føremål som arealplanlegging, landbruksforvaltning, landbruksproduksjon og lovforvaltning. Det kan vere avgjerande for spørsmål rundt konsesjon og odel, og er vidare grunnlag for ulike søknader om tilskot i landbruket.

 

Kontaktpersonar