Tilskot ved produksjonssvikt

Bønder i Møre og Romsdal får utbetalt 7.5 millionar i tilskot ved produksjonssvikt for vekstsesongen 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2022

Året har vore prega av ein kald vår som har ført til dårleg pollinering og mykje nedbør som har gjeve vanskelege forhold for innhausting.

Etter årets vekstsesong har 94 føretak søkt om erstatning frå ordninga. Søknadane er frå heile fylket og fordelt på dei ulike vekstgruppene:

Vekstgruppe

Antall søknadar

Grønsaker

1

Poteter

1

Korn

2

Bær

2

Frukt

9

Grovfôr salsproduksjon

3

Grovfôr med husdyr

76

 

Kontaktpersonar