Kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2024

Bilete viser drening i Ålesund kommune.
Drenering i Ålesund kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 3 millionar kroner til kommunane for ordninga tilskot til drenering av jordbruksjord.

Publisert 04.03.2024

Om fordeling av dreneringsmidlar 2024

Nasjonalt er det sett av 68 millionar kroner til drenering av jordbruksjord. Møre og Romsdal har fått tildelt 3 millionar kroner.

Til forskjell frå tidlegare år, har ikkje unytta midlar frå fjoråret blitt overført. Det er derfor vesentleg mindre midlar disponibelt i år enn tidlegare. Bakgrunnen er at ein i jordbruksoppgjeret 2023 blei samde om at unytta midlar, for fleire ordningar finansiert over Landbrukets utviklingsfond (LUF), skal dragast inn for å styrke eigenkapitalen i fondet. Les meir om dette i Prop. 121 S (2022 - 2023).

For 2024 har kommunane meldt inn eit samla behov på 9 160 000 kroner. Det er dermed eit stort sprik mellom behovet og midlar som er til fordeling. Samtidig er det forventa ei auking i tilsagn i år, som følgje av 60 prosent auke i tilskotssatsane i 2023.

For å få til ei mest mogleg rettferdig fordeling mellom kommunane er det nytta ein fordelingsnøkkel. Denne tek utgangspunkt i tre objektive kriterium: Tal som søkte om produksjonstilskot føregåande år, tal på landbrukseigedommar og tal på jordbruksareal i drift i kommunane. Utover dette er det lagt vekt på innmeldt behov og tidlegare forbruk.

Kommunevis fordeling 2024:

Aukra

50 000

Smøla

105 000

Aure

135 000

Stranda

110 000

Averøy

120 000

Sula

30 000

Fjord

110 000

Sunndal

115 000

Giske

55 000

Surnadal

190 000

Gjemnes

140 000

Sykkylven

95 000

Haram

110 000

Tingvoll

100 000

Hareid

20 000

Ulstein

20 000

Herøy

20 000

Vanylven

130 000

Hustadvika

315 000

Vestnes

125 000

Kristiansund

30 000

Volda

215 000

Molde

220 000

Ørsta

175 000

Rauma

100 000

Ålesund

110 000

Sande

55 000

SUM

3 000 000

 

I tillegg til dei midla som allereie er fordelt, kan kommunane disponere inndratte midlar frå prosjekt som ikkje er blitt noko av. Erfaringsvis blir det dratt inn relativt mykje midlar på dreneringsordninga gjennom året. Det er svært viktig at desse midla blir innvilga til nye tiltak. Vi oppmodar kommunane til å følgje med på saker der arbeidsfristen held på å gå ut, og ta stilling til om midla skal omdisponerast til nye tiltak i eigen kommune eller omfordelast til andre kommunar.

Statsforvaltaren vil òg følgje med på forbruket av midlar i kommunane og gjennomføre fire omfordelingsrundar i løpet av året: 1.april, 1.juni, 1.september og 15.oktober.

Forbruk av midlar i 2023

I fjor blei det innvilga 9 914 796 kroner til drenering av jordbruksjord her i fylket. Av dette utgjer nye saker 9 752 526 kroner, mens resterande gjeld eldre saker der det er fatta eit nytt vedtak i saka. Totalt blei det innvilga tilskot til 257 dreneringstiltak. Tabellen nedanfor viser sum tilskot og tal innvilga søknader på regionnivå.

Regionar

Sum tilskot

Tal innvilga søknader

Nordmøre 1

1 632 924

56

Romsdal 2

4 042 916

79

Sunnmøre 3

4 076 686

122

Sum

9 752 526

257

Hustadvika kommune innvilga flest midlar med vel 1,8 millionar kroner fordelt på 39 tiltak. Dernest følgde Smøla, Volda, Surnadal og Molde. 

Formålet med tilskotsordninga

Formålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Ordninga skal forvaltast etter forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord med tilhøyrande rundskriv.

Ta kontakt med din kommune om du vil søkje om tilskot til drenering

Det er kommunen som mottar og behandlar søknader og fattar vedtak om tilskot til drenering.  For meir informasjon om ordninga og søknadsfristar, sjå kommunens utlysing eller ta kontakt med din kommune.