Endringar i reglane om nydyrking

Myr
Myr (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift om nydyrking (nydyrkingsforskrifta). Det er innført eit forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når visse vilkår er oppfylt. Endringane i nydyrkingsforskrifta gjeld frå 2. juni 2020.

Forbodet mot nydyrking av myr er gitt med bakgrunn i ønske om redusert utslepp av klimagassar, og er ei oppfølging av prop. 39 L (2018-2019) Endringer i jordlova mv. (klimahensyn ved nydyrking).

Utgangspunktet er at nydyrking av myr ikkje er lovleg. Samstundes opnar forskrifta for at kommunen kan tillate dyrking av myr når grunneigar mister andre produksjonsareal på grunn av tap av leigejord eller ved utbygging i offentleg regi som samferdsletiltak eller liknande. Kommunen kan også tillate dyrking av myr der grunneigaren sin einaste dyrkingsressurs er myr, eller for å ivareta særskilte produksjonar i myr på fjellgrunn.

Forbodet mot nydyrking av myr er tatt inn som ein ny regel i nydyrkingsforskrifta. Det er også fastsett nokre forskriftsendringar av meir redaksjonell karakter, og tilvisingar til relevant regelverk er oppdatert.

I samband med endringane i forskrifta har Landbruksdirektoratet laga ein ny rettleiar til forskrifta. Denne finn du i høgre margen på denne sida.