Ei kort oversikt over kommuneøkonomien i Møre og Romsdal per mars 2017 basert på den ureviderte rekneskapen til kommunane

Den foreløpige rekneskapen til kommunane er no publisert på Statistisk sentralbyrå (SSB) sine heimesider. Rekneskapen er enno ikkje blitt revidert. I Møre og Romsdal har 35 av 36 kommunar levert inn rekneskapen til SSB. Sjå vedlegget til høgre for figurar for netto driftsresultat, netto lånegjeld, disposisjonsfond, og underskot i den ureviderte rekneskapen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2017

Generelt har kommunane i landet hatt eit godt år i 2016 målt i inntekter, med ein auke på nær 14 milliardar kroner. Grunnen til dei gode resultata er først og fremst at kommunane har fått høgare inntekter frå skatt på alminneleg inntekt og formue. Ein del av denne auka skuldast tilpassingar i forkant av skattereforma i 2016 kor skattesatsen på utbytte vart økt frå 27 til 28,75 prosent, slik at ekstraordinært store utbytter kom til skattelegging i inntektsåret 2015. Denne positive effekten vil ikkje gjere seg gjeldande utover 2016.

I Møre og Romsdal har tre kommunar underskot (meirforbruk) i driftsrekneskapen; Midsund, Sande og Stordal[1]. Av desse kommunane er Sande innmeldt i register for vilkårsbunden kontroll og godkjenning, ROBEK. Ingen andre fylker i landet har så mange kommunar innmeldt i ROBEK som Møre og Romsdal. Per i dag er ti kommunar innmeldt i ROBEK, men til sommaren etter at den reviderte rekneskapen er vedtatt i kommunestyra, er det forventa at seks kommunar vil bli meldt ut av ROBEK. Dei fire attverande kommunane på ROBEK har alle tilhaldsstad på Sunnmøre.

Netto driftsresultat er hovudindikatoren for økonomisk balanse i kommuneøkonomien, og viser kor mykje midlar som kan disponerast til investeringar og avsetningar etter at utgifter til drift, og renter og avdrag er betalt. [2] Netto driftsresultat er gjerne målt i høve til brutto driftsinntekter, slik at eininga er i prosent. For landet utanom Oslo, ligg netto driftsresultat an til å bli rundt 4 prosent, medan det for kommunane i Møre og Romdal ser ut til å bli omtrent 3,4 prosent. I 2015, som også var sett på som eit godt år for kommuneøkonomien, var tala høvesvis 2,7 og 2,0 prosent. I tillegg til høgare inntekter frå skatt har også lågare pensjonskostnader bidratt til betre resultat.  Tre kommunar i Møre og Romsdal har negativt netto driftsresultat; Eide, Haram og Ørskog[3]. Samanlikna med tidlegare år er dette få. Desse tre kommunane brukar avsetningar på disposisjonsfond for å unngå underskot/meirforbruk i rekneskapen.

Gjelda i kommunesektoren har hatt ein kraftig vekst dei seinare åra. Statlege krav og reformar, vedlikehaldsetterslep på kommunale bygningar, og andre forhold, har ført til at kommunane tar opp lån som aldri før. Pensjonsforpliktingane til kommunane er dessutan av ein betydeleg storleik.

For kommunane i Møre og Romsdal fortset lånegjelda å auke. Målt i netto lånegjeld (langsiktig gjeld trekt frå pensjonsforpliktingar, utlån og ubrukte lånemidlar) i prosent av brutto driftsinntekter, er dette forholdstalet no bikka 100,4 prosent. Dette er ei auke frå 2015 til 2016 på 2,3 %. For resten av landet, utanom Oslo, er talet snaue 82 prosent.

Det er viktig for kommunane å ha tilgang til midlar på disposisjonsfond. Frie midlar på fond kan til dømes dekke underskot i drifta i år med ubalansar i økonomien. Kor mykje av midlane som er hensiktsmessig å plassere i disposisjonsfond vil variere mellom kommunane. Fylkesmannen er av den oppfatning at mange kommunar i fylket burde avsette meir midlar til eit slikt føremål, sjølv om kommunane i dei seinare åra har plassert stadig meir midlar i disposisjonsfond. Til dømes vil avsettingane meir enn doble seg i 2016 samanlikna med 2015, noko som gjeld sjølv når vi held det spesielle tilfellet Aukra kommune utanfor kommunepopulasjonen. Dette heng naturleg nok òg tett saman med dei ekstra høge inntektene i kommunesektoren i 2016.



[1] For Stordal kommune har vi ikkje annan informasjon enn at dei har eit underskot på drifta i 2016, sidan dei verken har levert den ureviderte rekneskapen til Statistisk sentralbyrå eller Fylkesmannen. Ein finn derfor ikkje data for Stordal kommune i figurane i vedlegget.

[2] Teknisk berekningsutval (TBU) rådar kommunane til å ha eit gjennomsnittleg  netto driftsresultat på minst 1,75 prosent.

[3] Tala er oppdaterte i høve til Statistisk sentralbyrå sine tal for Ørskog kommune. Grunn: Avdragsbetalingane er justerte.

Dokument