Avinor AS søkjer om revidert utsleppsløyve for Kristiansund lufthamn Kvernberget

Høyringsfrist:
15. oktober 2023 23:59

Dei ynskjer ein revisjon av utsleppsløyvet slik at det òg omfattar utslepp av kjemikaliar frå aktivt brannøvingsfelt på lufthamna og slik at eit system for glykoloppsamling med etablering av utsleppsleidning til sjøen kan utsetjast til bygging av nytt terminalbygg.

Publisert 13.09.2023

Merk at nytt terminalbygg etter gjeldande plan skal byggast i 2035, ikkje i 2029 slik det står i søknadsdokumentet frå 2020.

Søknadsdokumenta med relevante vedlegg kan lesast via lenkjene til høgre på denne sida.

Ei eventuell uttale eller merknadar til søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan 15. oktober 2023.