Oppstart av skogvern i 5 område


Høyringsfrist 30. oktober 2020 00:00

Kjuker. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Kjuker. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen melder oppstart av verneplan for fem nye naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42

Arbeidet gjeld:

  • Ramshylla i Vanylven kommune
  • Vardegga i Vanylven kommune
  • Høghaugen i Ålesund kommune
  • Brøskjahagan i Surnadal kommune
  • Folddalen i Surnadal kommune

Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Merknader til oppstartsmeldinga må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no innan 30.10.2020.