Økonomisk tilsyn med private barnehagar

Udir fører økonomisk tilsyn med private barnehagar frå 1. januar 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2022

Udir har frå 1. januar 2022 ansvaret for å utføre økonomisk tilsyn med private barnehagar. Dei skal gjennom tilsynet kontrollere at dei private barnehagane følgjer krav til bruk av offentleg tilskot og foreldrebetaling, slik at midlane kjem barna i barnehagen til gode.

Udir har òg ansvar for å rettleie barnehagane om dei nye reglane. Rettleiinga skal gjere det enklare for barnehagane å følgje regelverket.

Kva for barnehagar som blir kontrollert, blir vald ut gjennom ei risikovurdering. Viktige moment i vurderinga er kor stor sjanse det er for at barnehagen har handla i strid regelverket. Det er òg viktig å vurdere konsekvensane av det moglege brotet. Nokon brot på regelverket kan få store konsekvensar. Tilsyna skal vere ein målretta stikkprøvekontroll, og barnehagar og tema blir vald ut frå den risikoen dei ser.

Sjølv om det er ein risiko for at ein barnehage ikkje følg opp reglane, vil det ikkje automatisk bli opna tilsyn. Det kan komme av at situasjonen blir følgt opp på andre måtar, for eksempel ved at Udir rettleiar barnehagane det gjeld, eller at dei prioriterer andre barnehagar eller tema der risikoen er høgare.

Når Udir fører tilsyn med private barnehagar, skal dei samarbeide med kommunen som den aktuelle barnehage ligg i. Kommunane får tilsend opningsbrev med namn på barnehagen og temaet for tilsynet. Kommunane kan òg bli bedne om å bidra med dokumentasjon i tilsynet.

Meir informasjon finn du i lenka i høgremenyen.