Kompetansepakke om barnehagemiljø

Kompetansepakken skal hjelpe tilsette og leiarar i barnehagen til å auke kompetansen sin om trygt og godt barnehagemiljø.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2022

Barnehagen skal arbeide kontinuerleg for å fremje helse, trivsel, leik og læring for barn i barnehagen, og sørge for at barn har eit trygt og godt barnehagemiljø. Målet med kompetansepakken er å bygge opp under kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen, og bidra til at du som tilsett kan auke kompetansen din på trygt og godt psykososialt barnehagemiljø innan det gjeldande regelverket. Innhald er knytt til utfordringar de møter i arbeidskvardagen.

Kompetansepakken er satt saman av åtte modular. Innhaldet er i hovudsak filmar og ulike tekstar, med påfølgande aktivitetar eller oppgåver der de kan diskutere, reflektere eller prøve ut i praksis. Alle modular har eigen leiarstøtte. Korleis bruke kompetansepakken? Kompetansepakken skal de bruke som kollektiv kompetanseheving, der leiinga og heile personalet deltek, men de kan òg gjennomføre den åleine. Vi oppmodar om at de arbeider med modulane i rekkefølge, men det er også mogleg å fokusere på enkeltmodular eller deler av modular.  Det er ingen fast gjennomføringstid for kvar modul, men berekna tid er på ca. 2-6 timer. De kan gjerne bruke både lengre og kortare tid, men dei ulike prosessane i kvar modul heng tett saman, så det kan være lurt å halde trykket oppe medan de jobbar med ein modul. Vi oppmodar om at den som skal leie arbeidet i personalet set seg godt inn i kvar modul og tilhøyrande leiarstøtte på førehand.

Kven har tilgang til kompetansepakken? Kompetansepakken er tilgjengeleg for alle som ønsker, men er i hovudsak retta mot leiarar og tilsette i barnehage. Det er ingen avgrensing på kapasitet eller tal deltakarar.