Samarbeidskonferanse for statlege verksemder

Kommunaldepartementet og hovudsamanslutningane i staten arrangerer samarbeidskonferansar for leiarar og tillitsvalde rundt om i landet. I Vestland er konferansen lagt til Bergen 13. og 14. mars. Tillitsreforma i statleg sektor og kunstig intelligens er nokre av tema.

Publisert 14.12.2023

Målgruppe, kostnadar og påmelding

  • Målgruppa for konferansen er leiarar/arbeidsgivarrepresentantar og tillitsvalde i statlege verksemder i Vestland fylke. Verneombod i statleg sektor og representantar frå kommunal verksemd/KS-området vil ikkje kunne melde seg på denne konferansen.
  • Konferansen er gratis, og deltakarar får dekka bevertning og overnatting på konferansehotellet.
  • Det blir ikkje gitt kostgodtgjersle, og verksemdene må sjølve dekke reisekostnader.
  • Begge partar frå same verksemd må vere representerte.
  • I utgangspunktet er det ikkje avgrensa tal påmelde per verksemd, men vi tek atterhald om at talet påmelde frå kvar verksemd kan bli justert dersom påmeldinga er større enn kapasiteten på hotellet.

Meld deg på her innan 10. januar 2024.

Kort om programmet

Konferansier Eirik Norman Hansen vil lose oss gjennom konferansen, der tillitsreforma i statleg sektor, og kunstig intelligens på arbeidsplassane våre er hovudtema. Eit av høgdepunkta blir ein panelsamtale mellom statens personaldirektør og leiarar frå hovudsamanslutningane i staten. Kommunal- og distriktsdepartementet og Nav, som er pilot, vil snakke om tillitsreforma. Vi blir og oppdaterte på forsking på digitalisering og partssamarbeid, i tillegg til ei oppdatering frå Eirik Solheim om kunstig intelligens.

Sjå heile programmet under dokument. 

Kontaktpersonar

Randi Bruheim, Statsforvaltaren i Vestland

Siv-Karin Hestad, Lotteri- og stiftelsestilsynet

Odd Arne Tveito, tillitsvald, Nav

Nina Roskinn Harkestad, tillitsvald, HVL

Merethe Engstrøm, Lo Stat Vestland

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.