Vi inviterer kommunar til digitalt møte om oppdrag om bevaring av verdifull natur

Statsforvaltaren har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet om å gå i dialog med kommunane om kandidatområde for vern av bevaring av verdifull natur. 

Publisert 19.04.2023
Rosa blomar og sparsomt gras på svaberg med sjø bak. I bakgrunn fjell med profil som hesterygg som stikk opp av havet.
Eit av dei føreslåtte kandidatområda for vern er øya Alden i Askvoll. Alden er også kjent under namnet Den norske hesten, fordi den salrygga profilen har vore eit velkjent seglingsmerke. På Alden er det eit rikt planteliv. Foto: Tore Larsen ©.

I den samanheng inviterer vi dei aktuelle kommunane i Vestland til eit felles digitalt møte der vi orienterer om oppdraget vi har fått. I Vestland omfattar oppdraget mogleg oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 mindre område i tillegg til utviding av 8 eksisterande verneområde.

Forslag til kartavgrensing, bilete og omtale av kanditatområda

Naturkrise også i Vestland

Globalt, så vel som lokalt i Vestland står vi over for ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy i møte med naturkrisa.

Områda som no skal vurderast og utgreiast for vern i Vestland, skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å bevare desse områda som dei er, kan dei bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.

Områda som vert føreslått verna skal også bidra til å danne økologiske nettverk og gjere norsk natur meir motstandsdyktig mot dei negative effektane frå klimaendringane.

Dialog om kandidatområda

Kommunane skal involverast i endeleg utveljing av kandidatområde for vern før det vert starta formelle verneprosessar. Det vil vere høve å føreslå alternative område til dei som er kome fram i prosessen til no. Føresetnaden er at slike alternative kandidatområde har omtrent same naturfaglege kvalitetar som områda Miljødirektoratet har anbefalt.

Målet med dette er å finne fram til kandidatområde for vern av verdifull natur som det kan vere lokal oppslutning om. Då er også naturlegvis god dialog med grunneigarane og andre lokale interesser viktig. Gjennom denne dialogen med kommunane kan også Statsforvaltaren føreslå alternative område for å redusere eventuelle lokale konfliktar. I vidare prosess skal formell oppstart av verneplanprosessar prioriterast i område der det er lokal aksept om dette.

Svart vær med horn ligg i røsslynghei.
Eventuelt vern av område sikrar det mot nye utbyggingar og inngrep, og opnar opp for nye moglegheiter og forpliktelsar for forvaltinga til å støtte opp om vidare drift av desse områda. Eit eventuelt vern vil også gjere det lettare å kanalisere og styre ferdsla gjennom tilrettelegging i friluftslivsamanheng der det er trong for det. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Aktuelle kommunar er invitert til møte

For å informera om oppdraget, bakgrunnen for dette og for å starte dialogen om aktuelle område, inviterer vi til digitalt møte med politisk og administrativ leiing på Teams den 28. april frå kl 09.00-11.00. I tillegg er det naturleg å invitere sakshandsamarar innafor miljø og landbruk i kommunen.

Vi håpar å få førebelse synspunkt og innspel til kandidatområda, og ikkje minst om det er lokale interesser og brukarar av områda vi no så tidleg som råd i arbeidet bør gå i dialog med.

Etter det innleiande møtet med kommunane ønskjer vi å ha eigne lokale møter og informasjonskveldar med grunneigarar og andre lokale interesser i samarbeid med kommunane.

Sjå forslag til kartavgrensing, bilete og kort omtale av kandidatområda ved å opne Storymap her.

Informasjon til andre interesserte

Vi vil gå breidt ut med informasjon om arbeidet til lag, organisasjonar og resten av ålmenta når dialogen med med dei aktuelle kommunane og grunneigarar er gjennomført. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.