Auka tilskot til kommunedelplanar for naturmangfald

Insekt som sit på eit strå
Stor snabelsvermer Foto: Tore Larsen.

Det er sett av 50 millionar kroner til kommunar som vil lage eller oppdatere kommundelplan for naturmangfald - eller betre tilstanden i naturen. Søknadsfrist er 11. februar

Publisert 15.01.2024

Kommunar kan søke om midlar til tiltak som tar vare på naturmangfaldet. I Stortingsmeldinga Natur for Livet (Meld. St. 14 (2015 - 2016)) er kommunedelplanar for naturmangfald peikt på som viktige verkemiddel for å synleggjøre naturmangfoldverdiane i kommunalt planarbeid. 

I statsbudsjettet som blei vedtatt like før jul, blei det sett av 50 millionar kroner som skal brukast til "tilskot til tiltak og planlegging for natur i kommunane". Basert på dette har Miljødirektoratet no justert si tilskotsordning for å ivareta naturmangfald i kommuneplanlegginga:

  • Det vil no vere mogleg å søke tilskot både til 1) å lage ein eigen kommunedelplan for naturmangfald, 2) å revidere ein tidlegare vedtatt naturmangfaldplan (inkludert å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om naturmangfold) og 3) å gå gjennom eldre arealplanar og vurdere desse i tråd med oppdatert kunnskap om naturverdiar ("planrevisjon").
    Det kan være aktuelt å auke tilskotet til kvar kommune som ønskjer å lage sin eigen kommunedelplan for naturmangfold.
  • Det vil seinare kome ei tilskotsordning der kommunar kan søke om tilskot til tiltak som betrar tilstanden i naturen. Denne vil bli utarbeidd parallelt med ei tilskotsordning for naturrestaurering som allereie er under arbeid, og er truleg klar utpå våren.

Når det gjeld det første punktet er fristen i 2024 sett til 11. februar. Du kan lese meir om ordninga på nettsidene til Miljødirektoratet: Økt tilskudd til kommuner for å ivareta naturmangfold

Der finn du også lenke til omtale av ordninga i Elektronisk Søknadssenter, og innlogging til søknadssenteret.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.