Kunngjering av løyve til mottak av asfalt på Årsnes i Kvinnherad

Dimmelsvik entreprenør AS har fått løyve til mottak av brukt asfalt på Årsnes i Kvinnherad kommune. 

Publisert 08.04.2024

Verksemda kan ta i mot inntil 500 tonn brukt asfalt per år og behandle massen slik at asfalten kan brukast på nytt.

Offentleg innsyn

Lenke til løyvedokumentet finn du på høgre sida på denne nettsida eller på nettsida www.norskeutslipp.no 

Klagerett

Søkjar og andre med særlege interesser i saka kan klage på vedtaket. Ein eventuell klage bør innehalde ei skriftleg grunngjeving og kva de ønskjer å endre. I tillegg skal andre opplysningar som kan ha noko å seie for saka, koma fram. Klagefristen er tre veker frå denne kunngjeringa. Ein eventuell klage skal adresserast til Miljødirektoratet og sendast til Statsforvaltaren.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.