Nettkurs om klimatilpassing i kommunane

Fylkesmannen oppfordrar alle kommunane i Vestland til å delta på nettkurs om klimatilpassing arrangert av Miljødirektoratet utover våren 2020. 

Nettkursa er gratis og tilgjengeleg for alle.

Miljødirektoratet arrangerer nettkurs utover våren om ulike aspekt av klimatilpassing i kommunane. Dei varar i om lag 1 time kvar, og startar klokka 10:00 på dei følgande dagane:

  14. januar: Korleis kommunen kan elektrifisere bilparken

  28. januar: Klimatilpassing i planarbeid

  11. februar: Klimavenlege kommunale byggeplassar

   3. mars: Korleis gjere kommunens klimaplan effektiv

Meir informasjon om kvart enkelt nettkurs finn du ved å følgje lenkjene over.

Kursdeltakarar vil kunne sende inn spørsmål til innleiarane. Det vil også bli mogleg å sjå opptak av nettkursa i etterkant, samla i spelelister på Miljødirektoratets YouTube kanal.

Kontaktpersoner