Fiskereglar

Her finn du reglar for fiske etter laks, sjøaure og innlandsfisk i anadrome vassdrag i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Generelle reglar

Minstemål

Minstemålet for laks og sjøaure er 35 cm. Det vil sei at det er forbode å avlive laks eller sjøaure som er mindre enn 35 cm. Fisk under minstemålet skal setjast ut att.

Vinterstøing

Det er ikkje lov å fiske vinterstøing. Vinterstøing er utgytt fisk. Om du får vinterstøing, skal den setjast ut att på ein skånsam måte.

Ål

Det er forbode å fiske etter ål, som er ein sterkt truga art i Europa. Dette forbodet gjeld òg yrkesfiskarar.

Garnfiske

Det er i utgangspunktet forbode å fiske etter laks eller sjøaure med garn. Ved fiske i sjøen er det ei plikt å setje garnet slik at det ikkje fangar laks eller sjøaure. Om ein skulle kome til å fange anadrom laksefisk i garn tiltenkt fangst av saltvassfisk, skal fisken sleppast ut att uansett om han er daud eller levande.