Vi startar arbeidet med å utvide Kvitingsmorki naturreservat i Årdal

Høringsfrist:
5. juni 2024 23:59
utsyn mot fjorden med furutre i framgrunnen
Kvitingsmorki naturreservat vart verna i 1999 og fyller 25 år i år. No set vi i gang arbeidet med å utvide naturreservatet. Utvidingsområdet bidreg til at vi kan knyte saman heile lia frå fjord til fjell og binde Kvitingsmorki saman med kandidatområdet Bermålsnosi, der vi også er i gang med skogvern. Foto: AT Skog v/ Vebjørn Enerstvedt.

Etter dialog med grunneigarane etter prosedyra for frivillig skogvern startar vi arbeidet med å utvide Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 5. juni 2024.

Publisert 06.05.2024

Etter dialog med grunneigar og AT Skog melder vi formell oppstart av frivillig skogvern for eit utvida område av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Utvidingsområdet heiter frå gamalt av Skogateigen, og vil inngå i dagens naturreservat. Vernereglane for Kvitingsmorki vil bli oppdatert etter nye malar for frivillig skogvernområde. Grensene for verneområdet blir også tilpassa kommunegrensa.

Vi har også sett i gang etablering av eit nytt verneområde, Bermålsnosi (kalt Bermål i oppstartsmeldinga) naturreservat, tilgrensande utvidingsområdet til Kvitingsmorki. Her er nettsaka frå oppstartsmeldinga. Kandidatområdet Bermålsnosi ligg på andre sida av kommunegrensa, i Lærdal kommune. Dei to områda grenser mot kvarandre og prosessane vil gå føre seg ganske parallelt, men verneforskriftene vil ha ulike verneføremål.

Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Kvitingsmorki naturreservat er eit typeområde for barskogsmosaikk

Kvitingsmorki naturreservat vart etablert den 17. desember 1999, som ein del av verneplanen for barskog i Vest-Noreg. Dette var før ordninga med frivillig skogvern var etablert. Det eksisterande naturreservatet er 17 300 dekar stort, og det er komme tilbod frå gards- og bruksnummer 2/1 på eit tilleggsareal på om lag 580 dekar som Statsforvaltaren har takka ja til å setje i gang verneprosess på. Kvitingsmorki naturreservat kan, etter ei eventuell utviding og justering av vernegrensa til å følgje kommunegrensa mellom Årdal og Lærdal, bli 17 951 dekar. Utvidingsarealet husar mykje av den same skogen som ligg innanfor vernegrensa til Kvitingsmorki i dag, i stor grad boreal barskog. Kvitingsmorki er vurdert å vere eit typeområde og har nasjonale verneverdiar. Eit typeområde er eit stort område som, i dette tilfellet, representerer den typiske barskogsmosaikken i den bestemte naturgeografiske regionen indre fjordstrøk på Vestlandet.

Med Skogateigen inkludert i naturreservatet vil vi dekke meir av nedbørsfeltet og vil binde saman Kvitingsmorki og det nyoppstarta verneområdet i sørvest, Bermål, som vi jobbar med parallelt med Kvitingsmorki. Fordi skogen har ulik karakter på Bermål og i Kvitingsmorki jobbar vi med to ulike sett av vernereglar, men innhaldet er i stor grad likt og føl i hovudsak malen for vernereglar i det frivillige skogvernet.

gamal furu på skogbotn
Eitt av kjenneteikna til Kvitingsmorki er store, gamle furutre, og furu er kjent for å dø like lenge som dei lever. Det er faktisk meir liv i ein død trestamme enn ein levande, då det er særleg mykje insekt, sopp og lav som er avhengig av død ved. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Kvifor utvide Kvitingsmorki?

Formålet i dag med Kvitingsmorki naturreservat er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området utgjer eit stort, samanhengande skogområde med eit stort mangfald av vegetasjonstypar, og med ein skoggradient frå fjord til fjell. Ved å følgje denne lenkja kan du sjå dagens vernereglar i naturreservatet: Forskrift om freding av Kvitingsmorki som naturreservat, Årdal kommune, Sogn og Fjordane - Lovdata

Utvidingsområdet er ikkje kartlagt etter ny metodikk, men det tilgrensande området, Bermål, vart kartlagt av biologar i 2022. Det vart påpeikt i rapporten at arealet mellom Bermål og dagens naturreservat Kvitingsmorki også burde bli vurdert for vern for å sikre ei samanhengjande li langs Sognefjorden, noko vi med dette brevet har oppnådd etter god dialog med grunneigarane.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing å redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med 3,3 prosent av skogen i fylket verna til no, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med ei utviding av vernet for Kvitingsmorki og eit samanhengjande område til også eit nytt verneområde i vest vil vi komme litt nærmare målet om å ta betre vare på viktig skogsnatur frå fjord til fjell i fylket.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Kvitingsmorki er allereie i dag eit naturreservat og vart oppretta i 1999 med heimel i naturvernlova. Ved å utvide Kvitingsmorki til også å inkludere dei nye areal med skog vil framleis naturreservat vere den riktige verneforma, men vi vil då slette den gamle verneforskrifta og opprette ei ny verneforskrift etter malen for frivillig skogvernområde. Det vil ikkje bli store endringar i det eksisterande reservatet, vi vil greie meir om dette i høyringa.

sti gjennom furuskog i haustfargar
Gamal furuskog er noko av det som kjenneteiknar Kvitingsmorki naturreservat. Det er populært å gå på tur opp til Morki, der bygningane i stølsmiljøet er godt vedlikehalde. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Naturreservat som verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til restriksjonar på bruk av området når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, plukke matsopp og bær. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Området er i bruk som beiteområde for sau i dag, og det er hjort i området. Dersom ny verneforskrift blir vedteke vil den erstatte den gamle verneforskrifta, som då blir oppheva. Det er utarbeidd forvaltningsplan for Kvitingsmorki naturreservat, denne vil framleis stå seg med ny verneforskrift.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 5. juni 2024.

For oppstartsbrev med adresseliste, utkast til vernekart og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.