Søknad om løyve - knuseverk på Bybanens anlegg Store Lungegårdsvann


Høringsfrist 22. november 2019 23:00

Bybanen Utbygging vil etablere eit knuseverk for tunellmassar for gjenbruk i prosjektet på anleggsområdet ved Store Lungegårdsvann. Frist for uttale er 22. november 2019. 

Bybanen Utbygging vil etablere eit knuseverk for tunellmassar for gjenbruk i prosjektet. For å etablere bybanetrasé med tilhørande infrastruktur er det behov for inntil 150 000 m3 knuste massar.

Knuseverket skal lokaliserast, saman med eit sikteverk, på dagens anleggsområde ved Store Lungegårdsvannet. Drift av sikteverket er allereie regulert gjennom Fylkesmannens løyve datert 27. juni 2019.

For å kompensera for to støykilder (sikteverk og knuseverk) skal det etablerast ein 5 meter høg støyvoll/støyskjerm rundt dei to maskinene, samt at summert[1] driftstid vert begrensa til maks 8 timer innanfor tidsrommet 07 – 19, og kun drift kvardager (mandag – fredag). Sweco har i vedlagte støyrapport dokumentert at støygrenser for knuse- og sorteringsverk (Lden 55 dB), gjeve i forureiningsforskrifta kapittel 30, vert stetta med desse avbøtende tiltaka.

Dei andre avbøtende tiltaka for støv og utslipp til sjø, som er pålagt i Fylkesmannens løyve av 27. juni 2019, vil også omfatte etablering av knuseverket:

  • Med dei avstander som er til nærmaste bebyggelse så forventer ikkje Bybanen overskridingar av dei nasjonale støvgrensene for sikteverk. Det er plassert ut støvmålarar ved nærmaste bustader for å måle støvnedfall.
  • For å redusere fare for forureining til Store Lungegårdsvann skal overvatn rensast i sedimentasjonsbasseng dimensjonert for også å kunne rense olje ved uhell

[1] Summert driftstid er summen av antall timer sorteringsverket og knuseverket er i drift den aktuelle dagen. Som eksempel vil 4 t samtidig drift av sorteringsverk og knuseverk gi ei summert driftstid på 8 t.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 22. november 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2018/812.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale