Rettleiing for Leve heile livet-planlegging

Det er utarbeidd rettleiingsmateriell som skal støtte arbeidet med å realisere Leve heile livet i kommunane.

Rettleiaren viser korleis kommunane kan mobilisere ressursar og vere ein pådrivar for prosessarbeidet med reforma Leve heile livet.

I rettleiaren finn du ein modell for planlegging og gjennomføring av endringsarbeidet. Modellen har henta inspirasjon frå tenestedesign som blir illustrert og beskrive i fasar med tips og råd som kan vere hensiktsmessige å følgje.

Du finn også lenker til fleire rettleiarar og filmar som kan vere nyttige i arbeidet. 

I høgremargen finn du lenker til rettleiaren i PDF og i Power Point-format.

Les også nyhendebrevet om Leve heile livet frå Helsedirektoratet, som du også finn i høgremargen.