Skulen si plikt til å sette inn tiltak i skulemiljøsaker

Når ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt har skulen plikt til å sette inn tiltak, så langt det finst eigna tiltak. På bakgrunn av den informasjonen som kjem fram i undersøkingane må skulen lage ein aktivitetsplan med tydelege og målretta tiltak.

Når Fylkesmannen skal vurdere om skulen har oppfylt plikta si til å sette inn tiltak, ser vi mellom anna på om aktivitetsplanen er utforma etter minimumskrava i opplæringslova § 9 A-4 sjette ledd. Det skal gå fram kva problem tiltaka skal løyse, kva tiltak skulen har planlagt, når tiltaka skal gjennomførast, kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka, og når tiltaka skal evaluerast.

Manglande konkretisering

I mange saker ser vi at aktivitetsplanen manglar ei skildring av kva problem tiltaka er meint å løyse, eller at planen ikkje er tilstrekkeleg konkretisert. Ei god skildring av problema svarar på kvifor eleven ikkje har det trygt og godt på skulen og identifiserer kva som er dei oppretthaldande faktorane i miljøet rundt eleven. Utan ein konkret omtale av kva som er problema, er det vanskeleg å lage målretta tiltak og å evaluere om tiltaka har hatt effekt. Tiltaka som skulen set inn, må og skildrast heilt konkret slik at det blir klart for eleven, heimen og alle involverte vaksne på skulen kva som skal gjerast, når det skal gjerast, kven som skal gjere det, og når tiltaka skal evaluerast.

Bakgrunn for tiltaka

Når Fylkesmannen vurderer om skulen har sett inn eigna, lovlege og tilstrekkelege tiltak, vurderer vi om skulen har sett inn ulike tiltak som, etter ei fagleg vurdering, samla er eigna til å sikre eleven eit trygt og godt skulemiljø. Når skulen tar stilling til kva for tiltak som bør settast inn, må skulen involvere og høyre eleven. Eleven skal og få høve til å delta i evalueringa av tiltaka.

Dokumentasjon

Aktivitetsplanen er ein del av den dokumentasjonen som skal sikre at føresette og elev opplever at skulen tar saka på alvor. Ein godt utarbeidd aktivitetsplan synleggjer for eleven og dei føresette korleis skulen forpliktar seg til å hjelpe eleven, og er eit viktig element i kommunikasjonen mellom skule og heim i skulemiljøsaker.