Samarbeidet mellom skule og heim i skulemiljøsaker

Illustrasjonsfoto (Pixabay): barn på veg til skulen
Illustrasjonsfoto (Pixabay): barn på veg til skulen

Eit godt samarbeid mellom skule og heim er viktig for å skape gode læringsvilkår og eit godt skulemiljø for kvar einskild elev

Samarbeidet er lovbestemt.

Opplæringslova slår fast at det skal vere eit samarbeid om opplæringa mellom skulen og heimen. I forskrift til opplæringslova § 20-1 står det at «eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring». Stortingsmeldinga om kvalitet i skulen (St.meld. nr. 31, 2008) understrekar også kvifor dette samarbeidet er viktig: «Foreldre som støtter elevenes læring og som fremmer positive holdninger til skolen, bidrar til sitt barns faglige og sosiale utvikling. Et godt samarbeid mellom hjem og skole forutsetter at begge parter kommuniserer tydelig slik at skolens og de foresattes forventninger blir avklart og det ikke oppstår misforståelser».

Dei føresette har hovudansvaret for barnet sin oppvekst og utvikling, og har kunnskapar som skulen kan bruke til å fremje eleven si læring og utvikling. Det er skulen som har det overordna ansvaret for å ta initiativ til, og legge til rette for, samarbeid med dei føresette. Det er difor viktig at skulen har gode rutinar for korleis dei skal kommunisere med dei føresette og gje dei informasjon om deira barn. Dette er ei føresetnad for eit godt samarbeid der dei føresette kan bidra til skulen sitt arbeid med å utvikle gode skulemiljø. Ein god dialog er viktig for at skulen og heimen skal finne løysingar som er til det beste for eleven.

Korleis kan skulen fremje eit godt samarbeid med heimen?

Skulen har ei plikt til å informere dei føresette om saker som handlar om deira barn, og leggje til rette for at dei føresette kan medverke. I skulemiljøsaker er det ekstra viktig at skulen har eit tett samarbeid med foreldra. Felles mål for skulen og dei føresette er at eleven skal ha det trygt og godt på skulen. Dersom dette ikkje er tilfelle, må skulen undersøke saka og setje inn eigna tiltak. Desse tiltaka skal gå fram av ein aktivitetsplan. Skulen skal velje tiltak ut i frå kunnskap, prinsipp og verdiar som er anerkjende av fagmiljø. Eleven har rett til å uttale seg om val av tiltak og i mange samanhengar vil det også vere naturleg at føresette bidreg i utforminga av planen.

I skulemiljøsaker er det viktig at skulen har ein tettare dialog med dei føresette for å orientere dei om utviklinga i saka. I nokre saker ser Fylkesmannen at føresette har krav til skulen når det gjeld kva tiltak som skal settast inn. Dei føresette må anerkjenne skulen si kompetanse og deira faglege vurderingar. Skulen må gjere heimen kjent med kva skulen skal gjere og kva som er bakgrunnen for val av tiltak. Eit godt samarbeid byggjer på gjensidig respekt og tydeleg kommunikasjon.

Utdanningsdirektoratet har utarbeida ein nettressurs om tiltak i skulemiljøsaker og omtala nokre av tiltaka som kan fremje samarbeidet mellom skule og heim. Vi kan òg anbefale å sjå filmen «når barnet har det vanskeleg» der ein barneskule deler sine erfaringar med skule-heim-samarbeidet. I høgre marg finn du lenker til nettressursen og refleksjonsfilmen. Du finn og andre kjelder til nyttig informasjon om samarbeidet.