Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane

Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering er eit av tiltaka i Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017 – 2019 (Prop. 1S (2016-2017)). Tilskotet skal stimulera til tenesteutvikling i kommunane med mål om å styrke feltet. Det er eit mål at kommunane på sikt skal overta fleire oppgåver fra spesialisthelsetenesta, og at hovudtyngda av habiliterings- og rehabiliteringsinnsatsen skal skje i kommunane. Utfordringsbilete er omtala i Meld.St. 26 (2014-2015), «Fremtidens primærhelsetjeneste», kapittel 21.

Mål for ordninga

Styrking i tråd med "Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017 - 2019" og i samsvar med krav og tilrådingar i "Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator".

Delmål:

a) Styrke pasientar og brukarar sine høve til å oppretthalde og/eller vinne att si fysiske, sosiale og/eller psykiske meistringsevne.

b) Forebygge og utsetje behov for kompenserande tenester.

c) Sikre tilbod i samsvar med befolkninga sine behov, mellom anna sikre fagleg innhald, kvalitet og kapasitet jf. Meld. St. 26 (2014 - 2015), "Fremtidens primærhelsetjeneste", med hovudvekt på kapittel 21.

d) Styrke samarbeidet med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesten, andre sektorar og avdelingar i  kommunen.

e) Sikre at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan og koordinator. Styrke koordinatorrollen.

f) Koordinerande eining legg til rette for heilskaplege og koordinerte tenester på tvers av fag, nivå og etatar.

 

Målgruppe

Pasientar og brukarar med nedsett funksjons- og meistringsevne som kan ha nytte av habilitering og rehabilitering. Tilbodet må samsvare med målgruppene sine behov for sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering.

 

Kriteriar  for tildeling

Tildeling av tilskot skjer etter vurdering av søknaden. I vurderinga vert forventa måloppnåing i forhold til måla for tilskotsordninga lagt til grunn, mellom anna

- at det viser tiltak for utarbeiding/oppdatering av kommunen sin plan for habilitering og rehabilitering og korleis det er vert sikra at tilbod er i samsvar med behov og korleis tiltak skal bidra til å oppfylle krav og tilrådingar i "Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator" og jfr kriteriar til måloppnåing under pkt 6 i regelverket for tilskotsordninga.

- at kommunen har vist til samarbeid med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta og aktørar utanfor helse- og omsorgstenesta

- at koordinerande eining er sentral i utarbeiding av kommunen sin plan.

- at søknaden er forankret på rådmannsnivå.

Det vert også lagt til grunn ei kommunal eigenfinansiering. Tilskotsmidlane skal gå til stimulering av opptrapping i kommunen og det må synleggjerast i finansieringsplanen for tiltaket korleis kommunen vil sikre ei styrking/omstilling i tenestene med auka vekt på habilitering og rehabilitering.

 

Korleis søkje

Bruke vedlagt søknadsskjema og send til: fmropost@fylkesmannen.no

 

Rapportering på mottatt tilskot

Bruk eigen mal for rapportering og send til mailto: fmropost@fylkesmannen.no innan 1. april 2018.

 

 

Søknadsfrist:
15.03.2018 23:00:00
Målgruppe:
Pasientar og brukarar med nedsett funksjons- og meistringsevne som kan ha nytte av habilitering og rehabilitering
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søkje:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
01.04.2018 23:00:00

Kontaktpersonar

Lenkjer