Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Kvikkleire i Rogaland?

Etter det store kvikkleireskredet i Gjerdrum er det mange som stiller seg spørsmålet om slike skred kan gå også i Rogaland. Historia og geologien viser heldigvis at vi er mykje mindre utsette for dette her i vest. Vi må likevel vere klare over at det finst marin leire i grunnen også her, som kan føre til kvikkleireskred i verste fall.

Publisert 13.01.2021

Det finst lommar av marin leire i fylket vårt, som kan bli kvikk og utløyse skred og utglidinger. Vi har ikkje full oversikt over kor desse lommane ligg. Dette er delvis fordi nasjonale styresmakter har vurdert det slik at risikoen i Rogaland er relativt liten, og derfor er kartlegging her lågare prioritert. Vestlandet er ikkje dekt av faresonekart for kvikkleire, det er det berre sentrale strok av Austlandet, Trøndelag og delar av Nord-Norge som er.

Kva er Kvikkleire?

Under nivået der havet stod etter siste istida (marin grense) kan det ligge avsetningar som kan bli til kvikkleire dersom dei blir forstyrra. Kvikkleire er leire som har ein gitterstruktur som er veldig skjør; ho er fast og solid så lenge ho får ligga i fred. Slik leire blir brått flytande -kvikk- viss ho blir overbelasta eller forstyrra slik at den skjøre kornstrukturen kollapsar.

Korfor blir leire til kvikkleire?

Kvikkleire blir danna ved at salt i den marine leira over tid har blitt vaska ut på grunn av rørsle i grunnvatnet. Kornstrukturen er dermed blitt svekka i så høg grad at den faste kvikkleira, viss ho blir forstyrra, kan bli omdanna til ei leirsuppe. Utløysing av kvikkleireskred kan skuldast graving, vektbelasting som til dømes massedeponi eller erosjon, og kan finne stad også på slake hellingar. Kvikkleireskred oppfører seg annleis enn andre skred, ved at grunnen plutseleg endrar karakter til suppe, ved at skredmassane kan flyta langt av garde og ved at skredet forplantar seg bakover og sidevegs.

Det er viktig å ha dette i bakhovudet der det er mistanke om slik leire, ved endring av avrenningsmønster, deponering av masser, graving og erosjon.

I ei opplisting av ulike skred vi har i fylkesROS er det skilt mellom leirskred og kvikkleireskred:

Leirskred er utgliding av marin leire som ikkje er kvikk.

Kvikkleireskred er utgliding av marin leire (utvaska saltvassleire frå istida), som plutseleg blir kvikk ved overbelasting, skakingar i grunn eller fysiske inngrep. I kvikkleireskred blir massane flytande under sjølve raset. Kvikkleira kan i utgangspunktet vere like fast som vanleg leire og kan tole stor belastning dersom ho blir handtert forsiktig. Det er først når ho blir overbelasta og strukturen bryt saman at ho blir flytande.

Aktuelt i dei fleste kommunane i Rogaland

Vi kjenner ikkje til store kvikkleireskred i Rogaland, men seinast i 2014 gjekk det eit mindre skred ved Suldalslågen, der det viste seg å vere kvikkleire. Gode tiltak og avgrensing av inngrep i slike soner skal normalt minimere risikoen for utgliding. Statens vegvesen har også funne kvikkleire i boreprøver i prosjekt rundt om i fylket, som ved Solasplitten og i Sauda. Vedlagt er lenkje til meir informasjon om slike boreprøver.

Korleis vurdere kvikkleirefare?

Store deler av fylket vårt ligg på gammal havbotn. Her kan det ha lagt seg leire, som seinare kan ha blitt dekka av andre lausmasser. Vi har ikkje veldig gode kjelder for informasjon om marine avsetningar og leire på Vestlandet. I deler av Rogaland fins det kart over «mulighet for marin leire» som NGU (Norges geologiske undersøkelse) har tilrettelagt. Dessverre har vi ikkje gode nok kvartærgeologiske kart over heile fylket, så det er berre Jærkommunane som kan gjere seg nytte av dette. I resten av fylket må ein stø seg til kunnskap om  marin grense, geotekniske undersøkingar og lokal kjennskap.

NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) ga nyleg ut ein ny rettleiar om arealplan og kvikkleire, nr. 1/2019. Rettleiaren beskriv korleis skredfare i område med kvikkleire og andre jordartar med tilsvarande eigenskapar, skal greiast ut og takast omsyn til i arealplanlegging og byggesak. Her er også mykje informasjon om prosedyrar, ulike plannivå og forslag til planføresegner. Saman med deira kartbaserte rettleiar (vedlagt) gir dette ei god innføring i arealplanlegging når det gjeld kvikkleire.

Ved byggetiltak i område der det kan vere fare for skred, er det viktig å gjere tilstrekkeleg med undersøkingar slik at det kan avklarast om området verkeleg er utsett for skredfare eller ikkje. I nokre tilfelle finst det resultat frå gamle grunnundersøkingar som, saman med nye, kan brukast til disse vurderingane. Data frå grunnundersøkingar blir samla i Nasjonal database for grunnundersøkelser (NADAG). Det er viktig at alle som utfører grunnundersøkingar bidreg til å rapportere inn sine resultat i denne databasen, slik at kunnskap om grunnforhold blir gjort tilgjengeleg.

Kor finn du kartinformasjon?

«Det aller viktigste man kan gjøre for å unngå kvikkleireskred, er først og fremst å skaffe seg rede på hvor kvikkleira ligger og dernest å informere alle det angår, om hvordan man unngår å utløse skred.   Professor Lars Grande, NTNU»

Grovt sett kan areal under marin grense eigne seg som aktsemdområde for kvikkleire. Kart over Moglegheit for marin leire, marin grense, kvartærgeologiske kart og boreprøver med kvikkleire i finn du mellom anna på www.temakart Rogaland.no under kategorien Samfunnstryggleik. For bruk i eigne kartløysingar finst det også som WMS. Elles ligg dei også i NGU og NVE sine kartløysinger. Temakart-rogaland har nyleg og lagt inn ein eigen «temakart-kvikkleire -knapp nede til venstre, der ein får samla aktuelle kvikkleirekartlag.

System og ansvar 

I FylkesROS har vi ein del informasjon om ulike skredtyper, og om ansvarsfordeling. NVE har det overordna ansvaret for statlege forvaltingsoppgåver innan førebygging av skredulykker. Dette inneber å yte hjelp til kommunar og samfunnet elles med kompetanse og ressursar til kartlegging, arealplanlegging, trygging, overvaking, varsling og beredskap.

Kommunane har ansvar for å ta omsyn til fare for skred i arealplanlegging og handtering av byggjesaker. Statlege eigarar av infrastruktur har sjølve ansvar for å sikre både eksisterande og nye anlegg. NVE har òg ei sentral rolle i landets skredberedskap