Stort behov for nye verneområde – også to nasjonalparkar

Lysefjorden med Preikestol-området og Frafjordheiane har verdiar som kan tilseia nasjonalpark-vern.
Lysefjorden med Preikestol-området og Frafjordheiane har verdiar som kan tilseia nasjonalpark-vern. (Foto: Audun Steinnes / Fylkesmannen i Rogaland)

VERNEVERDIGE OMRÅDE: Det er eit nasjonalt mål at eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar. På oppdrag frå Miljødirektoratet har Fylkesmannen kartlagt område i Rogaland med store verneverdiar. 

I stortingsmelding 14, Natur for livet (2015–2016), er det uttrykt eit behov for ei avgrensa supplering av verneområde med naturtypar som i dag er mangelfullt dekka i landet. Aktuelle verneformer er nasjonalpark, landskapsvern, biotopvern og naturreservat.

Ein omfattande gjennomgang

Samla har me kome fram til 62 større og mindre område i Rogaland. Dette betyr ikkje at det sett i gang ein verneprosess med vernegrenser. Me gjer greie for store natur- og opplevingskvalitetar som i dag ikkje er fullgodt dekka innanfor eksisterande verneområde.

Viktige naturverdiar

Det er framleis store nasjonale, og til dels internasjonale, naturverdiar som ikkje er verna i Rogaland. Verdien for frilufts- og reiseliv kan knapt overvurderast i mange av områda.

  • Preikestol-området og Frafjordheiane har verdiar som kan tilseia nasjonalpark-vern.
  • Fjellområda rundt Skaulen i Sauda- og Suldalsheiane har store natur- og kulturkvalitetar.
  • Kysten og kystheier på vestre Karmøy, og tilsvarande særprega klippekyst med kystheier i Dalane, er nasjonalt eineståande.
  • Fjell- og heiområdet Kvitladalen-Bjordalen utgjer eit spesielt verneverdig del av det verna Bjerkreimsvassdraget.
  • Dei mange andre mindre områda fangar opp naturtypar som i dag er underdekka av vern og under sterkt press spesielt i låglandet; så som våtmark, myr, fuglerike område, delar av vassdrag og gamle kulturmarkstypar.

 

Prosessen vidare

Miljødirektoratet skal gjera ei samla vurdering av innspela frå alle fylkesmennene. Fylkesmennene sine oversikter over område inneber inga bandlegging av areal.

Klima- og miljødepartementet skal deretter ta stilling til kva for område det skal arbeidast vidare med. Desse utvalde områda kan seinare bli aktuelle for ein verneprosess, med involvering av lokale interesser på vanleg måte etter naturmangfaldlova.

Vedlagt finn du oversendingsbrevet vårt til Miljødirektoratet og oversiktskart.