Nord-Talgje verna som naturreservat

Eit mykje brukt friluftsområde er no betre sikra for framtida. Vernet beskyttar og sjeldne vegetasjons-typar og nasjonalt trua planteartar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.11.2004

Den 26. november 2004 blei Nord-Talgje i Finnøy verna som naturreservat. Naturreservatet har eit samla areal på 2,11 kvadratkilometer. Av dette er 1,24 kvadratkilometer sjøareal. Området utgjer eit særprega kystlandskap og har ein uvanleg artsrik flora. Vernekart og forskrift finn du til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.