Melding om oppstart av frivillig skogvern - tre stader i Rogaland

Fylkesmannen har nå meld oppstart av frivillig vern av skog i tre områder i Rogaland. Føremålet med desse reservata er å verna lågtliggande oseaniske skogsområde med regnskogskarakterar samt innslag av edellauvtre.

Nye reservat:

1. Hellebrekkene, Tysvær kommune, frist tilbakemelding 05. april 2018
2. Stråtveit, Vindafjord kommune, frist tilbakemelding 03. april 2018

Utviding av eksisterande reservat:

3. Gitlandsåsen naturreservat, Forsand og Strand, frist tilbakemelding 12. april 2018

Eventuelle fråsegn skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, pb. 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Etter meldingsperioden er over vil Fylkesmannen leggja områda ut på høyring med framlegg til vernekart og verneforskrift.