Lokal høyring av forvaltingsplanen for Norheimsøy og Lamholmen naturreservat

Norheimsøy og Lamholmen naturreservat vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1982 som ein lokalitet innanfor verneplan for sjøfugl i Rogaland. Forvaltingsplanen er lagt ut for lokal høyring. Merknadar kan sendast fylkesmannen innan 17. mars 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.02.2017

Vernereglar

For å sikre naturverdiane i området, finst det vernereglar som styrer kva som er lov eller ikkje innanfor naturreservatet. Forvaltingsplanen klargjer korleis vernereglane skal tolkast, vidare kva for bevaringsmål som forvaltinga skal legge til grunn i praktisk forvalting, og aktuelle praktiske tiltak for å fremje verneverdiane på kort og lang sikt.

Verneføremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på ein viktig sjøfugllokalitet med dei plantesamfunn og dyreartar som naturleg er knytt til området, særleg ut frå omsynet til sjøfuglane og deira hekkeplassar.

Holmane har lang tradisjon som beiteområde, truleg tilbake i førhistorisk tid. Registrerte fornminne som rydningsrøys og grop/hustuft frå jarnalder er uttrykk for denne lange kontinuiteten (Riksantikvarens nettløysing: kulturminnesok.no).

Open, trelaus og aktivt beita/brent kysthei har nok vore hovudpreget over lang tid.

Konkrete tilrådingar om skjøtsel

Dei vanlegaste vegetasjonstypane er røsslyng-bjønnskjegghei, røsslynghei og myrvegetasjon, som vekselvis går ned til snautt strandberg. Topografi, brenning og beitebruk gjer at vegetasjonsbiletet er særs samansett, med få større areal av same vegetasjonstype. Norheimslamholmen (Lamholmen) har ikkje vore beita eller brent på lang tid, og allereie på 1980-talet såg ein oppslag av lauvtre; ei utvikling som no ikkje minst også gjer seg gjeldande på Norheimsøy

Forvaltningsplanen kjem med konkrete tilrådingar til skjøtsel i verneområdet. Reservatet har vitskapleg verdi som nasjonalt referanseområde for hekkande grågås, det er derfor viktig å oppretthalde bestand av grågås gjennom lyngbrenning og beite. Dersom måkeartane på øya tek opp att hekking i reservatet, skal dette ha ei naturleg utvikling med minst mogleg påverknad og forstyrring. Reservatet skal vere fritt for framande artar, og fjerning av strandsøppel utførast jamleg i samarbeid med SNO/Ryfylke friluftsråd.

Forvaltningsmål

Forvaltingsplanen skal vere eit praktisk hjelpemiddel for å halde ved lag og fremje føremålet med vernet. Samstundes gir planen viktig informasjon til grunneigarar, kommune, organisasjonar og generelt interesserte i samfunnet elles. Planen er tufta på vernereglane, og skal vere i samsvar med verneføremålet for området. Han skal sikre langsiktig, differensiert og målretta forvalting av heile verneområdet og gi føringar for bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging.

Forvaltingsplanen skal ikkje skjerpa eller svekka vernereglane, men klargjere rammene for desse og den vidare bruken og forvaltinga av området. Forvaltingsplanen er ikkje juridisk bindande som verneforskrifta, og kan reviderast ved behov.

Høyring

Merknadar til forvaltningsplanen kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, pb. 59, 4001 Stavanger eller fmrospa@fylkesmanne.no innan  17. mars 2017. Sjå høyringsbrev og utkast forvaltningsplan i dokumentlenkene til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.